«Love Is a Rose» er ein song skriven av Neil Young. Han vart først populær i 1975 då Linda Ronstadt fekk ein countryhit med sin versjon. «Love Is a Rose» har òg blitt spelt av andre artistar gjennom åra.

Neil Young-versjonen Neil Young spelte først inn «Love Is a Rose» i 1974 for eit album som då ikkje kom ut, Homegrown. Han vart seinare gjeven ut i 1977 på samlealbumet Decade. Homegrown kom omsider ut i 2020.

Melodien for «Love Is a Rose» var henta frå ein annan song som ikkje var gjeven ut då han vart laga, «Dance Dance Dance», som til slutt kom ut på Live at Massey Hall 1971 i 2007. Det mangeårige bandet til Neil Young, Crazy Horse spelte inn songen med tittelen «Dance, Dance, Dance» i 1971 på albumet deira Crazy Horse og The New Seekers gav han ut på singel i 1972.

Linda Ronstadt-versjonen

Linda Ronstadt spelte inn «Love Is a Rose» i eit countryarrangement på albumet Prisoner in Disguise i 1975. Utgåva hennar nådde femteplassen på Billboard Country Singles-lista. «Love Is a Rose» gjekk òg inn på «Billboard» Hot 100, men det var B-sida til singelen, «Heat Wave», som vart mest spelt av popradiostasjoanne og denne nådde femteplassen på Billboard-lista. Ronstadt framførte ofte songen på konertane sine i midten av 1970-åra.

Salslister Liste (1975)PlasseringU.S. Billboard Hot 10063U.S. Billboard Hot Country Singles5Canadian RPM Top Singles100Canadian RPM Country Tracks46

Andre versjonar Lisa Loeb spelte inn «Love Is a Rose» i 2008 på albumet hennar, Camp Lisa. Jill Johnson spelte inn songen på albumet Music Row II i 2009,Information at Svensk mediedatabas etter å ha framført songen på konsertar acapella.Helsingborgs dagblad 18. februar 2008 - Rockig Jill skruvade upp volymen Terri Clark spelte inn ein versjon of «Love Is a Rose» for albumet Classic i 2012.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Love Is a Rose» frå , den 2. desember 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Neil Young-songar Kategori:Linda Ronstadt-songar Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Songar skrivne av Neil Young Kategori:Songar produserte av Peter Asher Kategori:Songar produserte av Neil Young Kategori:Songar produserte av David Briggs Kategori:Lisa Loeb-songar Kategori:Terri Clark-songar Kategori:Nana Mouskouri-songar