Hallvard Tjelmeland () er ein norsk historikar fødd på Jørpeland i Rogaland.
Tjelmeland har sidan 1997 vore professor ved Institutt for arkeologi, historie religionsvitskap og teologi (AHR) på Universitetet i Tromsø. Han var instituttleiar ved AHR i ein periode frå 2005-2009 og fakultetstyremedlem mellom 2013 og 2017 for fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.
Han har tidlegare arbeidd med historiografi, nordnorsk historie og historia til arbeidarrørsla. Nyare arbeid omfattar den kalde krigen, Andre verdskrigen, Nordområda, Barentssamarbeidet og diplomatisk historie.Forfatteromtale i Flammende budbringer : Nordlys gjennom 100 år, ISBN 82-91668-19-1
Hallvard Tjelmeland har skrive innføringsbok om Den kalde krigen (2006), vore medforfatter for Naboar i frykt og forventing (2014) om norsk-russiske tilhøve, og dessutan medredaktør for The Barents region (2015).
Bibliografi (utval)
Tømrer og Snekkernes fagforening avd. 1 gjennom 100 år Med posten inn i ei moderne tid. Nordnorsk posthistorie 1996-1850 Tromsø gjennom 10 000 år : Fra byfolk og bona til Tromsøværing, bind 4 (1996) Norsk innvandringshistorie : I globaliseringens tid n1940 - 2000, bind 3 - med Grete Brochmann (2003) Flammende budbringer : Nordlys gjennom 100 år - med Pål Christensen (2003) Den kalde krigen (2006) Naboer i Frykt og forventning (2014) The Barents region (red.) (2015)
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske historikarar Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet