KV7 er den arkeologiske nemninga på ei av gravene i Kongedalen i Egypt. Ho blei laga for Ramses II, og ligg rett ovanfor grava til sønene, KV5, og i nærleiken av den til etterfølgjaren hans Merenptahs, KV8.
mini|venstre|KV7 i høve til andre graver i Kongedalen. mini|venstre|Kart av KV7
Grava har ein boga akse, som var vanleg i dei tidlege gravene i området. Sjølve gravkammeret har eit senka sentralområde og eit kvelvtak. På grunn av plasseringa har ho blitt sterkt skadd av flaumar, og det meste av dekorasjonane er øydelagt.
Mumien i grava blei flytt til lageret DB320 kring 1090 f.Kr. I den tredje mellomepoken i Egypt og i romersk tid blei grava brukt til andre gravleggingar og blei vitja av turistar.
Grava blei groven ut av Henry Salt, Carl Lepsius og Christian Leblanc i 1991.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «KV7» frå , den 6. desember 2020.
Bakgrunnsstoff Reeves, N., & Wilkinson, R. H. The Complete Valley of the Kings. London: Thames and Hudson, 1996. Siliotti, A. Guide to the Valley of the Kings and to the Theban Necropolises and Temples. Cairo: A. A. Gaddis, 1996. Leblanc, Christian. "The Tomb of Ramesses II and Remains of his Funerary Treasure." Egyptian Archaeology; 10 (1997): 11-13.
Kategori:Vitskap i 1991 Kategori:Arkeologiske funnstader i Egypt Kategori:Kongedalen