Playin' to Win er det fjerde studioalbumet til det amerikanske southern rock-bandet Outlaws, gjeve ut i 1978. Albumet var det første studioprosjektet deira med gitaristen, songaren og låtskrivaren Freddie Salem. Salem hadde erstatta det opphavlege medlemmet Henry Paul, som hadde fungert som frontmann bak Hughie Thomasson. Det vart ikkje like godt motteke som dei tre første albuma deira.
Besetninga var framleis halvparten av den originale besetninga, og varte fram til gitaristen Billy Jones slutta i 1981. Musikalsk var Playin' to Win meir streit southern rock enn countryrock-stilen på dei tidlegare albuma.
Innhald
Medverkande Harvey Dalton Arnold - bass, gitar, vokal David Dix - perkusjon, conga, trommer Mike Duke - klaverinstrument Billy Jones - elektrisk gitar, vokal Freddie Salem - vokal, slidegitar Hughie Thomasson - akustisk, elektrisk gitar og pedalsteelgitar; banjo; vokal Monte Yoho - perkusjon, trommer
Produksjon Produsent: Robert John «Mutt» Lange Lydteknikar: Rodney Mills Arrangør: Robert John «Mutt» Lange Kunstnarisk leiar: Ron Kellum Design: Gerard Huerta, Ron Kellum Fotografi: John Barrett
Salslister Album ÅrListePlassering1978Pop Albums60
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Playin' to Win» frå , den 16. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Outlaws-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Album produserte av Robert John «Mutt» Lange Kategori:Arista Records-album