Karin Ørnhøj Mortensen () er ein dansk tidlegare handballspelar frå Horsens. Ho vart olympisk meister med Danmark i 2000 og 2004, samt europameister 2002. I tida 2000-12 var Mortensen målvakt i 233 landskampar, skåra 4 mål.

Karriere Landslagsspel Mortensen debuterte for Danmark i 2000 og danna saman med Lene Rantala målvaktparet som ytte sitt til at det danske handballandslaget frå Sommar-OL 2000 reiste heim med olympiske gullmedaljar. To år seinare bidrog Mortensen mykje til at Danmark på heimebane vann EM-finalen med 25-22 over Noreg. Under dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten forsvarte Danmark og Mortensen den olympiske meistertittelen etter ekstraomgangar mot Sør-Korea. Fire månader etter spelte Danmark seg fram til EM-finale mot Noreg, ein kamp Mortensen og lagvenninnene tapte 25-27.

Klubbspel Mortensen var aktiv i Vejlby-Risskov Idrætsklub til 1998, sidan gjorde ho teneste 1998-2002 i Horsens HK, 2002-06 i Ikast-Bording, 2006-10 i SK Århus og 2010-13 i FCK Håndbold/Fredriksberg IF.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Karin Mortensen» frå , den 19. desember 2020.

Kategori:Danske handballspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Danmark Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2004 Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Folk frå Horsens