Culcitopsis borealis er ei sjøstjerne i ordenen Valvatida. Ho liknar ei tjukk pute og er nesten femkanta på form. Ho vert kring 20 centimeter i diameter og er funnen på Lophelia-rev og på sand med skjelsand på djupner mellom 110 og 1 170 meter Det er uvisst kva arten et.

C. borealis vart funnen fyrste gongen utanfor Shetland i juni 1905 under ei ferd med det tyske skipet Poseidon.

Aust i Atlanterhavet er C. borealis funnen ved norskekysten ved Troms og Nordmøre, ved Færøyane og sørover til Skottland, England, Portugal og Marokko. Vest i Atlanterhavet er arten funnen frå New Foundland og Georges Bank til New York.

Kjelder

Kategori:Sjøstjerner