Brian Smith () er ein jazzsaksofonist og fløytist frå New Zealand.

Smith lærte seg å spele piano som ung, men var i stor grad sjølvlærd på blåseinstrument. Han spelte i lokale pop- og jazz-grupper før han flytta til England i 1964, der han spelte i Alexis Korner sitt Blues Incorporated. Etter dette spelte han på Ronnie Scott's Jazz Club i 1966-67 og i storbanda til Tubby Hayes (1969) og Maynard Ferguson (1969-74). Han var medlem av gruppa Nucleus frå 1969 til 1982, og spelte med Mike Westbrook (1969), Neil Ardley (1969, 1976), Mike Gibbs (1970), Spontaneous Music Ensemble (1970-71), Keith Tippett (1971), Pacific Eardrum i 1975-76 og Paz i 1976.

I 1982 reiste Smith attende til New Zealand, der han spelte i sin eigen kvartett. Albumet hans Southern Excursions frå 1984 vart kåra til årets australske jazzalbum det året.Fairweather/Kernfeld, «Brian Smith». Grove Jazz online. Han arbeidde med Frank Gibson jr. seinare i 1980-åra med base i Auckland. Albumet hans Moonlight Sax gjekk inn på albumlista i New Zealand.

Diskografi Southern Excursions (Ode Records (New Zealand), 1984) Moonlight Sax (Ode, 1990) Moonlight Sax 2 (Ode, 1991)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brian Smith (musician)» frå , den 31. desember 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Folk frå Wellington Kategori:Newzealandske saksofonistar Kategori:Jazzsaksofonistar Kategori:Nucleus-medlemmar Kategori:Centipede-medlemmar