Gordon James Beck () var ein engelsk jazzpianist og komponist. Då han døydde hadde han gjeve ut 26 album under sitt eige namn.Voce, Steve (11. november 2011) "Gordon Beck: Pianist Renowned for His Work with Tubby Hayes". Independent.
Beck vart profesjonell musikar i 1960. Beck vart med i gruppa til Tubby Hayes i 1962 i England. Han leia sine eigne band frå 1965, inkludert Gyroscope, frå 1968, som var ein trio i lag med bassisten Jeff Clyne og trommeslagaren Tony Oxley. Beck spelte med songaren Helen Merrill første gongen i 1969 og fortsette med det inn i 1990-åra. Frå 1969 til 1972 turnerte han med saksofonisten Phil Woods sitt European Rhythm Machine. Beck spelte inn ti album med Woods.
I 1960- og 1970-åra var han fast pianist i Ronnie Scott's Jazz Club. Beck spelte òg «eksperimentell funk» i gruppa til den sveitsiske musikaren George Gruntz, Piano Conclave (1973-75), som bestod av seks klaverspelarar, og frijazz med John Stevens (1977, 1982). Beck var medlem av Nucleus i 1973 og 1974.
Han har òg spelt med Allan Holdsworth, Henri Texier, Didier Lockwood og andre.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gordon Beck» frå , den 31. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Engelske jazzpianistar Kategori:Musikarar frå London Kategori:Nucleus-medlemmar