Those Who Are About to Die Salute You - Morituri Te Salutant er debutalbumet til den britiske rockegruppa Colosseum, gjeve ut i 1969 på Fontana. Det er rekna som eit av dei første albuma innan jazzfusion.Joynson, Vernon (1995). The Tapestry of Delights . London: Borderline Books. Tittelen er ei omsetjing av det latinske omgrepet morituri te salutant som gladiatorar skal ha sagt til keisaren før ein gladiatorkamp.

Albumet nådde 15. plassen på UK Albums Chart.Colosseum chart history, The Official Charts. Henta 3. januar 2021.

Bakgrunn Songen «Debut» var den aller første songen Colosseum spelte i lag som ei gruppe.Hiseman, Jon (1969). Platomslaget til Those Who Are About to Die Salute You. Tony Reeves sa seinare at songen var ein frase som han hugsa at Mick Taylor spelte med John Mayall, og at han endra det litt til ei basslinje.July 2003. Interview with Tony Reeves , Let it Rock.

«Mandarin» byrja frå ei rekkje skisser av Dave Greenslade, basert på ein japansk skala. Tony Reeves sette saman skissene til eit hovudtema og arrangerte songen.

«Beware the Ides of March» låner eit tema frå fugen «Toccata og fuge i d-moll» av Johann Sebastian Bach (Bach BWV 565), som er same fuge som «Whiter Shade of Pale» av Procol Harum er basert på.

Colosseum spelte òg inn «I Can't Live Without You», som kom ut i 2004 som eit bonusspor på albumet.

Mottaking

Allmusic kalla albumet «eit mektig eitt, som sette fri den musikalske dugleiken til kvart medlem og sette det saman til ein eksplosiv straum av progressiv jazzrock.» Dei nemnte vidare variasjonen på albumet og kor unik kvar song var og konkluderte «albumet opprettheld intensiteten og kreativiteten heile vegen».

Innhald Britisk utgåve

Ameriansk utgåve I USA kom albumet ut i juli 1969 på Dunhill med eit anna innhald og eit anna plateomslag.Those Who Are About to Die Salute You discographic information, Discogs. Henta 3. januar 2021.

Medverkande Dave Greenslade - orgel, vibrafon, piano, korvokal på «The Road She Walked Before» Dick Heckstall-Smith - saksofonar Jon Hiseman - trommer James Litherland - gitar (utanom «Backwater Blues»), solovokal Tony Reeves - bassgitar Jim Roche - gitar på «Backwater Blues»

Andre medverkande Henry Lowther - trompet på «Walking in the Park»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Those Who Are About to Die Salute You» frå , den 3. januar 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:Colosseum-album Kategori:Fontana Records-album Kategori:Bronze Records-album Kategori:Dunhill Records-album Kategori:Album produserte av Gerry Bron