mini|Framstilling av harpyar på ein atensk frå 600-talet f.Kr. Harpy (gresk fleirtal ἅρπυια, harpūia, «snapparar», latin harpeia) var vesen i gresk og romersk mytologi forma som hybridar mellom fuglar og kvinner. Dei var vindånder med venger og hadde ei viss tilknyting til underverda. Den bokstavelege tydinga av ordet synest å vera «det som snappar» sidan det kjem frå gresk harpazein (ἁρπάζειν), som tyder «å snappa» eller «å ta».
Harpyane skal vera døtrene til Thaumas (sonen til Pontus, eller havet) og Elektra (dottera til Okeanus).
mini|venstre|Figur med venger, kanskje ein harpy, som ber med seg ein liten menneskefigur, , på gravrelieff frå den såkalla Harpy-grava frå rundt 480 f.Kr. ved Xanthos, no ved British Museum. Soger Harpyar opptrer i Odysseen som vindar som fører bort folk. Her blir det sagt at folk som plutseleg forsvinn er blitt førte bort av harpyar.Homer, Odysseen, Bok 1.241, 14.371 Dei tok med seg døtrene til kong Pandareus for å tena erinnyene.Homer, Odysseen, Bok 20.78
Dei er kjende frå soga om Jason og argonautane, der dei stal all maten til den fønikiske kongen Fineas frå Thrakia, og gjorde heimen hans illeluktande. I Vergil sin versjon av soga heiter hovudharpyen Celaeno ('mørk').
Homer nemnar ein harpy ved namn, Podarge. Hesiod nemnar to, Aello og Okypete.
Ein harpy var mor til vestavinden Zephyros, tidvis skildra som ein av hestane til Akilles.Iliaden, xvi. 150. I denne konteksten har Jane Ellen Harrison oppført oppfatninga i Vergil si Georgicaiii.274 der hoppene blei gjort drektige av vinden åleine.saepe sine ullisconjugis vento, gravidae mirabile dictu;notert og sitert i Harrison, Jane Ellen (1922): Prolegomena to the Study of Greek Religion, s. 178.
Ifølgje Vergil held harpyane til på øyane Strofades,Virgil. Æneiden, Bok 3.210 eller ved inngangen til Orcus,Virgil. Æneiden, Bok 6.289 ein gud i underverda. Ifølgje Apollonius bur dei i ei hole på Kreta.Apollonius. Argonautica, Bok 2.298
Framstilling mini|Illustrasjon av ein harpy i Ulisse Aldrovandi sitt Monstrorum Historia, Bologna, 1642
Harpyar blei opphavleg førestilte og framstilte som kvinner med venger, og seinare som fæle rovfuglar med kvinnehovud. Hesiod kalla dei for «ven-håra» vesen,Hesiod: Theogonien, 267. og bilde på greske keramikkvasar har framstilt harpyane som vene kvinner med venger. Harpyar som stygge og skremmande venga fuglekvinner, som i Eumenidene av Aiskhylos (linje femti) er ei seinare utvikling, grunna ei samanblanding med sirenene. Romerske og bysantinske forfattarar skildra i utpensla detaljar kor fæle og stygge dei var.
Også i moderne tid har ein nytta harpyar i symbolsk kunst, blant anna av Edvard Munch i ei tusjteikning (og variantar i andre media) frå 1898. Hjå Munch er kvinna blitt til eit rovdyr og ein åtseletar med skarpe klør og store mørke venger.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Harpyier» frå , den 4. januar 2021.
Kategori:Greske mytologiske vesen Kategori:Fabelvesen med menneskehovud Kategori:Fabelvesen med venger Kategori:Hybride fabelvesen Kategori:Mytologiske fuglar