Xbox Series X og Xbox Series S (samlenemning Xbox Series X/S) er ein serie av spelkonsollar utvikla av Microsoft. Dei vart begge lansert den 10. november 2020 som oppfølgjarar til Xbox One og fjerde generasjon i Xbox-familien.
Rykte om konsollane byrja å oppstå tidleg i 2019, der produktserien som heile gjekk under kodenamnet «Scarlett». Internt skal Microsoft ha vore nøgd med tilnærminga med to konsollversjonar som for Xbox One-serien, og planla ein liknande strategi med fjerde generasjon Xbox. Den mest kostbare modellen vart avduka som Xbox Series X under The Game Awards i desember 2019. I september 2020 vart den billegare Xbox Series S avduka.
Xbox Series X har kraftigare maskinvare og støttar høgare oppløysningar (opp til 8K-oppløysning), høgare biletfrekvensar og strålesporing (ray tracing). Konsollen har også ein solid-state drive (SSD) for å redusere lastetider. Den billegare Xbox Series S bruker same CPU, men har ein mindre kraftig GPU, mindre minne og intern lagring, og manglar ein optisk diskstasjon. Begge konsollane er bakoverkompatible med fleire titlar utgjevne for tidlegare Xbox-konsollar, kontrollar og tilbehøyr. Som del av eit program Microsoft kallar «Smart Delivery», vil fleire spel frå tidlegare generasjonar få oppdatert grafikk på Series X/S utan ekstra kostnad. Konsollene er også kompatible med abonnementtenesta Xbox Game Pass, i tillegg til plattforma Xbox Game Pass cloud gaming for strøyming av spel over internettet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Produkt introduserte i 2020