mini|350x350pk|Sveriges og Noregs delegatar i Karlstad 23. september 1905 under Karlstadkonvensjonen om unionoppløysinga. Ståande frå venstre: (1) sekretær Johannes Hellner, (2) Hjalmar Hammarskjöld, (3) Karl Staaff, (4) sekretær Carl Berg, (5) Benjamin Vogt og (6) Andreas Urbye. Sitjande frå venstre: (1) Fredrik Wachtmeister, (2) Christian Lundeberg, (3) Christian Michelsen, (4) Carl Berner og (5) Jørgen Løvland. Karlstadforhandlingane (òg kalla Karlstadkonvensjonen eller Karlstad-forliket) var forhandlingar mellom Noreg og Sverige i Karlstad andsynes oppløysinga av unionen mellom dei to landa i 1905. Sjølve forhandlingane pågikk frå 31. august til 23. september.

Utgangspunktet var at den norske regjeringa allereie hadde fått vedteke ei oppløysing av unionen i Stortinget, medan Sveriges regjering ikkje godkjende oppløysinga, i og med at ho hevda at vedtaket ikkje var lovleg fatta, og at ei oppløysing av unionen kravde eit gjensidig vedtak i begge land.

Den utløysande årsaka til unionoppløysinga frå norsk side var ei usemje om konsulatvesenet. Noreg hadde utvikla seg til eit dominerande shipping- og handelsland, og hadde i motsetnad til Sverige eit større behov for konsulære tenester for handel på andre sida av Atlanterhavet. Konsulatvesenet vart ein hemsko for unionen, og dei siste 20 åra var konsulatsaka den dominerande symbolsaka i den politiske konflikten mellom dei to landa.

Etter forhandlingar og trussel om krig i 1895, vart det etter kvart eit mildare klima frå og med 1902, men det tok slutt i november 1904. Landa sette hardt mot hardt, og den 7. juni 1905 avsette Stortinget Oscar II og oppheva unionen på eit juridisk grunnlag som uniontilhengarane oppfatta som eit brot på gjeldande forfatning. Sverige godkjende ikkje oppløysinga og kom med motkrav, blant dei ei folkerøysting om oppløysinga og oppklaring av ei rekkje punkt. Desse skulle takast opp ved ein felles konvensjon.

Karlstadforhandlingane varte frå 31. august til 23. september 1905, då konvensjonen vart underteikna av representantane for dei to landa. Som kompromiss vart forhandlingane lagt til den svenske byen Karlstad, som var omtrent like langt frå begge hovudstadene. Det var fem hovudpunkt som vart tekne opp: Grensefestningar og nøytral sone, transittrafikk, reinbeite, vassdrag og tvistemålsavgjerd. Av desse punkta var det diskusjonane om grensefestningane og den nøytrale sona som fekk mest merksemd.

Bakgrunn mini|Statsminister Erik Gustaf Boström var lite samarbeidsvillig med dei norske styresmaktene. Noreg og Sverige hadde i unionstida felles utenriksdepartement i Stockholm, og dette var ansvarleg for konsulatvesenet. Grunnlova hadde gjeve Noreg rett til eige konsulatvesen, men dei fleste konsulane og visekonsulane i dei områda der Noreg hadde interesser, var ofte lokale og ikkje norske. Behovet for å fornya konsulane og for å få modernisert konsulatvesenet melde seg. Problemet var at medan Noreg hadde eit frihandelssystem, hadde Sverige ein meir proteksjonistisk politikk.

Noreg hadde behov for konsular som arbeidde for norsk eksport, medan Sverige hadde andre krav. Noreg hadde den tredje største handelsflåten i verda og den raskaste veksande dampskipsflåten i verda. Noreg bidrog med dobbelt så mykje til konsulatvesenet, og det var ikkje uproblematisk at dette låg under eit utanriksdepartement som ikkje stod konstitusjonelt til ansvar for Stortinget. Det var òg få norske konsular i både Nord- og Sør-Amerika, der norsk skipsfart hadde mange marknader.Narve Bjørgo, Øystein Rian og Alf Kaartvedt: Selvstendighet og union : fra middelalderen til 1905. Kapitlet «Separate handels- og sjøfartstraktater», side 343-355. (Norsk utenrikspolitikks historie, bind 1), Universitetsforlaget, 1995. ISBN 82-00-22393-0 I 1895 bestemte Venstre seg for «Knyttnevepolitikken», dvs. å pressa gjennom eit norsk konsulatvesen, men då Sverige truga med krig, vart saka lagt død.Konsulatsaken - Store norske leksikon (udatert),henta 25. juli 2012 mini|Utanriksminister Alfred Lagerheim fekk ikkje tilstrekkeleg støtte for kompromissvilja si i Riksdagen og kom i konflikt med statsminister Boström. Valet i 1903 vart vunne av Samlingspartiet, ein koalisjon mellom moderne Høgre og det liberale høgreside-Venstre leide av Francis Hagerup. Dei vann valet på løftet om forhandlingar om eige norsk konsulatvesen. Ein av grunnene til det var at Alfred Lagerheim hadde teke over som utanriksminister i 1899, og at han var kjend som ein meir kompromissviljug politikar i drøftingane av konsulatsaka. Likevel vart problema mellom Lagerheim og dei meir konservative kreftene store, og han og statsminister Erik Gustaf Boström gav ulike signal til nordmennene i forhandlingspolitikken, der Boström sine signal var langt meir forsiktige og lite ettergjevande. I november 1904 vart det ein diskusjon i statsrådet i Sverige, der både Lagerheim og Boström foreslo å gå av. Det vart til at Lagerheim leverte inn avskjedssøknad.Alfred Lagerheim - Kent Zetterberg i Svenskt Biografisk Lexikon , del XXII : Königsmarck - Lilja, under redaktion av Erik Grill och Birgitta Lager - Kromnow. Stockholm 1977 - 1979. Norstedts tryckeri Stockholm 1979.henta 16. januar 2013

Avgangen til Lagerheim tydde òg nederlag for den kompromissviljuge linja. Statsminister Boström la fram seks punkt eit eventuelt norsk konsulatvesen måtte overhalda etter avgangen til Lagerheim:Lydrikepunktene - Stovnerporten,henta 16. januar 2013

Konsulatstyret skal, innan ei konsulstilling blir fylt, kunngjera utanriksministeren alle naudsynte opplysningar som gjeld kandidaten. I diploma til norske konsular skal alltid tittelen til kongen oppførast slik at Sverige vert nemnt føre Noreg. Konsulatstyret må ikkje gje ein konsul noko forskrift som står i strid med UD-ministeren si avgjerd. Viss utanriksministeren finn ut at ein konsul opptrer slik at det kan verka forstyrrande på det gode tilhøvet mellom dei sameinte rika, har han å melda dette i ministerielt statsråd. Konsulane kan suspenderast av vedkomande gesandtskap... og kan ikkje innsetjast utan etter innstilling frå kongen eller UD-ministeren. I visse landa skal det felles konsulatvesenet bestå inntil vidare.

Desse krava vart frå norsk presse set på som så strenge at dei vart kalla «lydrikepunkta».Jugglery with words - hovedoppgave i historie, Andreas Kolle, november 2004 Det vart gjort forsøk på forhandlingar med dette som basis, men avstanden vart for stor, og forhandlingane stranda i februar 1905.

I og med Lagerheim sin avgang, motvilja Boström hadde til å samarbeide og dei manglande resultata av forhandlingane hadde òg regjeringa Hagerup spelt ut si rolle. Den 21. februar 1905 utnemnde Stortinget ein «Specialkomité» med medlemmar frå alle partia (Høgre, Venstre og Arbeidarpartiet) som skulle utarbeida ei innstilling om ei ordning av konsulatvesenet.Salomonsens Konversationsleksikon (Sal. Konv.), 2. utgave Bind XVIII, side 209-210

Den generelle kjensla var at når svenskane ikkje ynskte samarbeid, fekk Noreg ta affære, og to medlemmar av regjeringa Hagerup, Christian Michelsen og Jakob Schøning, gjekk av. Dette tvang heile regjeringa Hagerup til å gå av den 11. mars.Sal. Konv. B XVIII, s. 210 Christian Michelsens samlingsregjering tok over med Michelsen som statsminister. Han heldt fram med konsulatsaka, og etter kvart vart det Boström som gjekk av. Ny statsminister, etter at alle tidlegare kandidatar hadde sagt nei, vart Johan Ramstedt.Side 17-24, Arne Wåhlstrand: «1905 års ministärkriser», Uppsala och Stockholm, Uppsala 1941 Grunnen til at mange takka nei til statsministerstillinga, kan ha vore at dei forstod alvoret i situasjonen, og at den sitjande ministeren ville bli hugsa som den som mista Noreg.

Unionoppløysinga frå svensk side venstre|mini|Christian Michelsen hadde ein del uortodokse løysingar på problemet med konsulatsaka og unionen med Sverige. Den 10. mai 1905 leverte Stortinget sin spesialkomité for Konsulatsaka ei einstemmige innstilling om å følgja den «korte lovlinje», det vil seia den politiske retninga som kravde norsk konsulatvesen trass i at det var eit felles utenriksministerium. Loven skulle tre i kraft frå 1. april 1906. Stortinget vedtok lova i Odelstinget og Lagtinget den 18. og 23. mai. Detta vart oversendt kong Oscar II på Stockholms slott den 27. mai.Siste statsråd med kong Oscar II Arkivverket, udatert 1905 Oscar II, som nettopp hadde kome seg etter sjukdom, nekta å sanksjonera. Noregs regjering hadde mottrekket klart, og hadde med seg regjeringa Michelsens resignasjon. Oscar II svara følgjande:

«Da det er mig klart, at nogen anden Regjering ikke kan dannes, så bifalder jeg ikke Staatsraadenes Afskedsansøkninger»

Reaksjonen frå norsk hald måtte komme via Stortinget, då det å svara frå regjeringshald ville vera å underkjenna sin eigen avskil. Reaksjonen frå Stortinget, den 7. juni, var òg avgjerande. Stortingspresident Carl Berner las opp følgjande førebudde utsegn:

«Da Statsraadets samtlige Medlemmer har nedlagt sine Embeder, da Hans Majestæt Kongen har erklæret sig ude af Stand til at skaffe Landet en ny Regjering, og da den konstituionelle Kongemagt saaledes er traadt ud af Virksomhed, bemyndiger Stortinget Medlemmerne af det idag aftraadte Statsraad til indtil videre som den Norske Regjering at udöve den Kongen tillagte Myndighed i Overensstemmelse med Norges Riges Grundlov og gjældende Love – med de Ændringer, som nödvendiggjøres derved, at Foreningen med Sverige under én Konge er oplöst som Fölge af, at Kongen har Ophört at fungere som norsk Konge.»7. juni-erklæringen , Riksarkivet, Arkivverket,henta 8. februar 2015.

Det juridiske grunnlag for denne utsegna er ikkje uproblematisk, noko Oscar II peika på i svaret sitt den 10. juni, der han viste at det ikkje er nokon samanheng mellom det at regjeringa tok avskil, uvilja hans til å akseptera det og den norske konklusjonen at han dermed ikkje har utført pliktene sine som monark av Noreg.24. Kong Oscars protestskrivelse af 10de juni 1905 - Nasjonalbiblioteket, udatert,henta 25. juli 2012 I tillegg var det ikkje juridisk mogleg for Noreg å oppheva Riksakten av 1815 utan Sveriges godkjenning.1905 - Unionsoppløsningen sett fra Holtet Hageby - Velhaven, Holtet Hageby Vel.Udatert, henta 25. juli 20127. juni-vedtaket var i strid med folkeretten - Frede Castberg, 7. juni 1955, henta 28. januar 2013 Mot dette kunne det hevdast at handlinga var i tråd med Venstre si kontrasignaturlære frå 1890-talet, og at funksjonen til kongen som regjeringsdannar var av avgjerande tyding, og når ein konge ikkje fylte denne funksjonen, var det at han ikkje danna ei ny regjering ein faktisk abdikasjon.Side 425 ff, Rolf Danielsen: «På moderasjonens grunn», Historisk Tidsskrift bind 81, nr. 4/2002.

Deretter delte svenske og norske styresmakter seg i synet på unionen. Svenskane meinte at unionen de jure ikkje var oppløyst, og anerkjende ikkje oppløysinga. Nordmennene meinte at den de facto var det, og at dei var sjølvstendige. Frå svensk side vart det nedsett eit særskilt utval med utgangspunkt i Riksdagen som skulle utarbeida dei svenske vilkåra for ei oppløysing av unionen. Michelsen-regjeringa tok opp postane sine som det sjølvstendige Noreg si regjering. mini|Johan Ramstedt tok over som statsminister i Sverige etter Boström. Han hadde hatt jobb som utanriksminister mellom Lagerheim og Gyldenstolpe Ramstedt hadde saman med kronprins Gustav planar om å gje nordmennene som tilbod å fratre unionen mot at Stortinget ikkje oppløyste unionen. Då dette skjedde den 7. juni, handla det om å få avgrensa skadane. Unionoppløysinga skapte sinne i Sverige, ikkje så mykje fordi det kom, men måten det kom på.Evert Vedung «Unionsdebatten 1905 - en argumentationsanalys», licenciatavhandling 3. juni 1966 Uppsala, henta 1. februar 2013