«Reelin' In the Years» (stundom «Reeling In the Years») er ein song av jazzrockbandet Steely Dan, gjeven ut som den andre singelen frå albumet deira Can't Buy a Thrill frå 1972. Han nådde 11. plassen på Billboard-lista.[ Steely Dan USA chart history], Billboard.com. Henta 10. januar 2021.

Skriving og framføring Songen vart skriven av Donald Fagen og Walter Becker med Fagen på vokal. I 2009 skildra Rolling Stone songen som «eit godt, tidleg døme på kva som var varemerket til The Dan, ei blanding av eit spottande farvel til ein eks til ein sprettande shuffle-rytme, med ein kvitgloande gitar frå Elliott Randall som tar det heile heim.» I same intervjuet sa Fagen «Det er dumt, men effektivt» og Becker sa «Det er ikkje noko kjekt.»

Gitarsolo Gitarsoloen på den originale versjonen vart spelt av studiogitaristen Elliott Randall på første forsøk.https://www.guitarplayer.com/players/how-elliott-randall-nailed-steely-dans-reelin-in-the-years-recording-in-one-continuous-take Det vart visstnok sagt av Led Zeppelin-gitaristen Jimmy Page å vere favorittsoloen hans gjennom tidene, og gav han scoren 12 av 10.https://www.youtube.com/watch?v=wtEXfEwJf4M Soloen er rangert som den 40. beste gitarsoloen gjennom tidene av lesarane i magasinet Guitar World. I mars 2005 plasserte magasinet Q songen på 95. plassen på lista si over dei 100 beste gitarsoloane gjennom tidene.

Den fire kanalars kvadrofoniske miksen av songen har meir sologitar som ein ikkje kan høyre på den vanlege stereoversjonen.

Salslister

Vekeslister Liste (1973)PlasseringAustralia KMR62Canada RPM15U.S. Billboard Hot 10011U.S. Cashbox Top 1007

Årslister Liste (1973)PasseringCanada90U.S. Billboard Hot 10068U.S. Cash Box Top 10087

Medverkande Donald Fagen – piano, solo- og korvokal Elliott Randall – sologitar Denny Dias – rytmegitar Jeff Baxter – rytmegitar Walter Becker – bassgitar, korvokal Jim Hodder – trommer, korvokal Victor Feldman – perkusjon

Populærkultur Donny og Marie Osmond spelte «Reelin' In the Years» for TV-showet deira 13. januar 1978. Denne utgåva var meir lystig enn originale og inkluderte ein introduksjon av gjestene på showet, Ruth Buzzi, Buddy Hackett og Suzanne Somers. Framføringa inkluderte òg isdansarar. I 1993 vart songen nytta i ein episode av The Wonder Years kalla «Unpacking». Songen er nytta i Rob Zombie-filmen The Devil's Rejects i 2005. Songen vart nytta som kjenningsmelodi for TV-serien Rob Brydon's Annually Retentive, som vart sendt på BBC Three i UK mellom juli 2006 og juni 2007. * Songen vart nytta som kjenningsmelodien for RTÉ-serien Reeling In the Years, ein irsk, historisk filmdokumentar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Reelin' In the Years» frå , den 11. januar 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Notar

Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Steely Dan-songar Kategori:Songar skrivne av Donald Fagen Kategori:Songar skrivne av Walter Becker Kategori:ABC Records-singlar Kategori:Songar produserte av Gary Katz