Arbeidernes Leksikon er eit norsk oppslagsverk som kom ut i tida frå 1932 til 1936. Oppslagsverket vart utgjeve av Arbeidermagasinets forlag i seks band. Redaksjonen vart leia av Jakob Friis og Trond Hegna, frå band 3-6 var òg redaksjonssekretær Dagfin Juel med.
Innhaldsmessig forsøkte Arbeidernes Leksikon å få med seg alt det andre leksika hadde, men oppslagsverket var meint å spreia kunnskap til arbeidarklassa, og ein hadde ei politisk venstreorientert, sosialistisk vinkling. Slik kunne ein bryta borgarskapet sitt monopol på kunnskapsformidling i samfunnet.
Eit utval av artiklar frå verket blei i 1974 gjeve ut i ei faksimileutgåve i tre bind, av Pax forlag.
Bakgrunnsstoff Arbeidernes Leksikon på nett (web.archive.org)
Digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket Arbeidernes leksikon. 1 : Aachen-båtsmann, 1932 Arbeidernes leksikon. 2 : C-Fiskemåken, 1933 Arbeidernes leksikon. 3 : Fisken-husbondskar, 1933 Arbeidernes leksikon. 4 : Husbygg-legende, 1934 Arbeidernes leksikon. 5 : Legering-radio, 1935 Arbeidernes leksikon. 6 : Radioaktivitet-åverk, 1936
kategori:Norske oppslagsverk kategori:norsk arbeidarhistorie