The Royal Scam er det femte studioalbumet til Steely Dan, opphavleg gjeve ut av ABC Records i 1976. Albumet selde til gullplate og nådde 15. plassen på den amerikanske albumlista. The Royal Scam er meir gitardominert enn det førre Steely Dan-albumet Katy Lied, som hadde vore det første utan den opphavlege gitaristen Jeff Baxter. Gitaristane på albumet var Walter Becker, Denny Dias, Larry Carlton, Elliott Randall og Dean Parks.
Som mange andre Steely Dan-album har The Royal Scam mange kryptiske antydingar til folk og hendingar som var både verkelege og oppdikta. I eit intervju med BBC i 2000, sa Becker og Fagen at «Kid Charlemagne» er laust basert på Augustus Owsley Stanley, den berykta «dopkokken» som var kjend for å produsere hallusinogene stoff, og «Caves of Altamira», basert på ei bok av Hans Baumann, handlar om tap av uskuld og soga om ein som vitjar Altamiragrotta der han vert forbløffa av dei førhistoriske teikningane. Han er òg inspirert av grotteallegorien til Platon og Keats-diktet «Ode to a Grecian Urn».
Albumet kom ut på ny på MCA Records i 1979, etter at ABC Records vart selt til MCA.
Plateomslag Plateomslaget syner ein mann i dress som søv på ein radiator og tilsynelatande drøymer om eit skyskrapar-liknande monster. Plateomslaget vart måla av Zox og eit fotografi av Charlie Ganse. Det vart eigentleg laga for eit album av Van Morrison frå 1975 som aldri kom ut, Mechanical Bliss, der konseptet var ein satire over den amerikanske draumen. I teksten til plateomslaget til den ommastra utgåva frå 1999 hevda Fagen og Becker at det var «det mest grufulle plateomslaget i 70-åra, kanskje utanom Can't Buy a Thrill.»
Eagles-referanse og meir I songen «Everything You Did», seier teksten «turn up the Eagles, the neighbors are listening.» Glenn Frey frå Eagles sa «Visstnok elska kjærasten til Walter Becker Eagles, og ho spelte dei heile tida. Eg trur han vart sprø av det. Så soga går at dei krangla ein dag og at det var starten på den linja.» Sidan dei to banda hadde same manager (Irving Azoff) og at Eagles hevda å vere stor fan av Steely Dan, var dette meir vennleg enn vondsinna.Excerpted from the 2006 book Is Tiny Dancer Really Elton's Little John?: Music's Most Enduring Mysteries, Myths, and Rumors Revealed, published by Three Rivers Press, skriven av Gavin Edwards.
Seinare det året sende Eagles ein takk attende til Steely,Was there any kind of a feud going on between Steely Dan and the Eagles in the '70s? Rule Forty Two.com. Glenn Frey: «We just wanted to allude to Steely Dan rather than mentioning them outright, so 'Dan' got changed to 'knives'» og inspirert av tekststilen til Steely Dan, Quotes: Here are quotes from Don and others about his career Feldermusic. «At the time we were also quite fond [of] Steely Dan and listening to a lot of their records. And one of the things that impressed us about Steely Dan was that they would say anything in their songs and it did not have to necessarily make sense you know» skreiv dei teksten, «They stab it with their steely knives but they just can't kill the beast» i hitten «Hotel California». Frey sa «Men ønskte å berre antyde til Steely Dan i staden for å nemne dei direkte, så 'Dan' vart endra til 'knives,' som på eit vis framleis er ein penismetafor.». Timothy B. Schmit, som song korvokal på «The Royal Scam» vart seinare med i Eagles.
Mottaking
Albumet fekk ikkje like god omtale som dei tidlegare albuma deira og dei fleste kritikarane var samde i at det ikkje synte noko musikalsk framgang. Den originale meldinga i Rolling Stone var derimot meir positiv, og gav til slutt fem av fem stjerner i ei seinare Hall of Fame-melding. I 2000 vart albumet plassert på 868. plassen på Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums.
Innhald
Medverkande
Steely Dan Donald Fagen – klaverinstrument, vokal, korvokal Walter Becker – bassgitar, gitar
Andre medverkande
Paul Griffin – klaverinstrument Don Grolnick – klaverinstrument Denny Dias – gitar Larry Carlton – gitar Dean Parks – gitar Elliott Randall – gitar Jim Horn – saksofon Plas Johnson – saksofon John Klemmer – saksofon Chuck Findley – trompet Bob Findley – horn Dick Hyde – horn, trombone Chuck Rainey – bass Rick Marotta – trommer («Don't Take Me Alive», «Everything You Did») Bernard Purdie – trommer (alle andre spor) Gary Coleman – perkusjon Victor Feldman – perkusjon, klaverinstrument Timothy B. Schmit – korvokal Venetta Fields – korvokal Clydie King – korvokal Sherlie Matthews – korvokal Michael McDonald – korvokal
Produksjon
Gary Katz – produsent Roger Nichols – lydteknikar Barney Perkins – miksing Dinky Dawson – lydkonsulent Walter Becker – blåsearrangement Donald Fagen – blåsearrangement Chuck Findley – blåsearrangement Ed Caraeff – kunstnarisk leiar Zox – plateomslag Tom Nikosey – typografi
Salslister Vekeslister ÅrListePlassering1976US Albums151976UK Albums11
Singar ÅrSingelSelskap & nummerListeplassering1976«Kid Charlemagne» (B-side: «Green Earrings»)ABC 12195US 821976«The Fez» (B-side: «Sign in Stranger»)ABC 12222US 591976«Haitian Divorce» (B-side: «Sign in Stranger»)ABC 4152 (britisk versjon)UK 17the highest UK chart position for a Steely Dan single
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Royal Scam» frå , den 14. januar 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Steely Dan-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:ABC Records-album Kategori:Album produserte av Gary Katz