mini|Namnetrekket til Marius Petipa Marius Petipa () var ein fransk ballettdansar og koreograf som verka mange år i Russland. Petipa er rekna som den mest innverknadsrike ballettmeisteren og koreografen i balletthistoria.

Liv Petipa er kjend for den lange karrieren sin som ballettmeister ved den keisarlege balletten i St. Petersburg, ein posisjon han hadde frå 1871 fram til 1903. Han skapte over femti ballettar, der ein del har overlevd i ulike versjonar, anten i original eller rekonstruerte frå den opphavlege forma si.

Petipa var framgangsrik både som leiar og lærar og koreograferte mellom anna Svanesjøen i 1895, Tornerose 1890 og Nøtteknekkaren i 1892.

Petipa gjenoppliva ei stor mengd verk som var blitt skapt av andre ballettmeistrar. Fleire av desse omarbeidingane skulle gå vidare til å blir utgåvene som alle etterfølgjande produksjonar la til grunn. Dei best kjende av desse er Le Corsaire, Giselle, La Esmeralda, Coppélia, La Fille Mal Gardée (med Lev Ivanov) og Svanesjøen (med Lev Ivanov).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marius Petipa» frå , den 19. januar 2021. oppgav desse kjeldene: Bra Leksikonet av bøker. 1978.

Kategori:Ballettdansarar Kategori:Franske koreografar Kategori:Russiske koreografar Kategori:Folk frå Marseille