Erua er ein liten stad i Ruapehu District på Nordøya på New Zealand. Han ligg ved New Zealand State Highway 4 like sør for busetnaden National Park. Maorinamnet Erua er sett saman av rua, 'to' og e som blir brukt for tal mellom to og ni.

Staden ligg ved Erua Forest, eit område på 0.07 km² som blir teke var på av Department of Conservation. I denne skogen finst treslag som tawa, rimu, miro og totara. Det verna skogområdet blei etablert i 1930.https://teara.govt.nz/en/king-country-places/print Jakt er tillate i skogen.

Erua hadde tidllegare ein stasjon på jernbanelinja North Island Main Trunk, Han opna 1. april 1908, og var endestasjon på linja frå Auckland fram til Makatote fekk denne rolla seinare same året. Frå 7. januar 1909 gjekk det godstog sørover frå Erua. Staden blei mykje nytta til tømmertransport.

Det blei bygd fire femromshhus og ein 6. klasses stasjon etter George Troup-mønster her i 1908, i tillegg til diverse uthus. Eit kryssingsspor her hadde plass til 49 vogner. Det var eit postkontor ved stasjonen frå 1912 til 1937. Om natta den 30. mai 1921 brann stasjonen ne. Han blei stengd for generell godstraffik i 1969 og for all trafikk i september 1986. No går det berre ei enkeltlinje gjennom den tidlegare stasjonsstaden.

I dag har området ein enkeltspora sykkelsti.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Erua, New Zealand» frå , den 30. januar 2021.

Kategori:Geografi i Manawatū-Whanganui Kategori:Busetnader i Manawatū-Whanganui Kategori:Ruapehu District Kategori:Stadnamn av maoriopphav