mini|Hann av arten Hemiandrus pallitarsis mini|Ho av arten Hemideina thoracica på ein trebregne.
Weta (maori wētā) er eit samlenamn for rundt 70 insektartar i dei biologiske familiane Anostostomatidae og Rhaphidophoridae som er endemiske på New Zealand. Dei liknar store grashopper, og nokre av artane høyrer til dei tyngste insekta i verda. Wetaer er vanlegvis nattaktive. Dei fleste mindre artane er kjøt- og åtseletarar, medan dei store er planteetarar. Wetaer blir ofte etne av innførte artar på New Zealand, og nokre av artane er sterkt truga.
Kjempeweta (wētā punga på maori) kan ha ei kroppslengd på opptil 100 mm, der ein ser bort frå dei lange føtene og antennene deira, og vega rundt 20–30 g. Ein kjempeweta i fangenskap av arten Deinacrida heteracantha, som var full av egg, blei det tyngste dokumenterte insektet i verda med ei vekt på 70 g. Den største arten av kjempeweta er Deinacrida heteracantha (engelsk Little Barrier Island wētā).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wētā» frå , den 31. januar 2021.
Bakgrunnsstoff Wētā ved New Zealand Department of Conservation Wētā i Te Ara: The Encyclopedia of New Zealand Wētā Geta, ein guide til rettvenger frå New Zealand
Litteratur
Ramløv, H. (2000) Aspects of cold tolerance in ectothermic animals. Journal of Human Reproduction. 15 (Suppl. 5): 26–46.
Kategori:Endemisk fauna på New Zealand Kategori:Ord frå maori Kategori:Rettvenger