Per Spelmann er ei kjend norsk folkevise som fortel om ein spelemann som byter bort den einaste kua han har for å få attende fela si. Songen er utbreidd i barnehagar og skular, og er blitt mykje brukt i norsk folkedans.

Songen og melodien er skrivne av Petter Strømsing (1759-1834), eller av sonen hans med same namn. Strømsing var av romanifolket taterane. Han er minna med ein statue i Skjoldastraumen i noverande Tysvær kommune.

Det første verset av «Per Spelmann» blei skrive ned i 1874 av L.M. Lindemann etter ein bokhandlar og fattigforstandar, Adolph Theodor Holst, frå Drammen. Sonen til denne, Elling Holst, hadde med songen i Norsk Billedbog for Børn i 1888. I 1903 hadde Hulda Garborg med denne melodiversjonen og tre vers i den første viseboka ho gav ut. Viseboka frå 1905 hadde endå eit vers. Endå to vers er kome til seinare, og kan ha oppstått innan folkedansrørsla.

Kjelder

Kategori:Norsk folkemusikk Kategori:Norske folkeviser