mini|Rafting i Brotas i Brasil. Rafting er ein aktivitet som går ut på å navigera ein flåte ned ei elv. Rafting blir gjerne utført i stryk og elver der vatnet renn raskt. Det blir nytta ei åre til padling eller til å styra flåten med.
Vansken på elva blir rangert på ein skala frå 1 til 6:
Grad 1: Flatt vatn. Grad 2: Vatn i rørsle. Få eller ingen hindringar. Grad 3: Sterk straum med hindringer og stryk. Manøvrering er naudsynt. Grad 4: Sterk straum med store stryk og vanskelege passasjar. Manøvrering er vanskeleg, risiko for flip (at båten går rundt). Grad 5: Ekstremt vanskeleg og berre for spesielt interesserte. Grad 6: Umogleg å rafta.
Rafting i Noreg I Noreg er Voss og Sjoa i Heidal mykje nytta rafting- og vassportelvene. Sjoa blir omtalt som ein god rafteelv. Elvene i Skjåk blir òg brukt mykje til rafting. Også Otra blir brukt til rafting ved Syrtveit i Evje og Hornnes kommune. I Jølstra har det vore drive rafting sidan 1991, kommersielt sidan 1997. høgre|mini|Rafting på Trysilelva. Numedalslågen i Dagali er òg velkjend i raftemiljøet.
Raftingulukker Rafting krev både lokalkunnskap, eigna utstyr og trening. I Sjoa er 13 menneske drukna i samband med rafting i perioden 1989-2010. Sjoa og Sogndalselva blir rekna som lunefulle og vanskelege for rafting.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rafting» frå , den 5. februar 2021.
Kategori:Engelske ord og uttrykk Kategori:Friluftsliv Kategori:Vassport Kategori:Ekstremsport