Katerína Sakellaropoúlou () er ein gresk jurist og dommar som var president i Hellas frå 2020 til 2025. Ho var første kvinnelege justitiarius i Statsrådet, den høgaste domstolen i forvaltingssaker, og den første kvinnelege presidenten i landet. Sakellaropoúlou er politisk uavhengig. Sakellaropoúlou overtok embetet etter Prokópis Pavlópoulos.

Liv og virke

Bakgrunn Sakellaropoúlou er fødd i Thessaloníki, der ho budde dei fyrste åtte åra av livet. Familien flytta til Aten i 1964. Far hennar, Nikolaos Sakellaropoúlous, var dommar, og var ei tid visepresident i øvsteretten.

Ho studerte juss og fullførte studia sine ved Universitetet i Aten i 1978. Ho har òg studert i Frankrike, der ho konsentrerte seg om til forfatnings- og forvaltingsrett ved Université Panthéon-Assas (Paris II) frå 1989 til 1990.

Statsrådet I 1982 blei Sakellaropoúlou tilsett ved Statsrådet, den høgaste greske domstolen i forvaltingssaker. Etter å ha stige i gradane i denne domstolen, blei ho visepresident for domstolen i 2015 og president i oktober i 2018. Sakellaropoúlou blei med dette den første kvinna i dette embetet.

Sakellaropoúlou har arbeidd mykje med miljøsaker og berekraftig utvikling, der omsynet til kultur- og naturmiljø må vegast opp mot økonomisk utbygging på avgrensa geografiske område. Ho har vore med på å forma rettspraksis i samband med fleire viktige miljøsaker i Hellas, som den omstridde omlegginga av Akhelóos-elva, som blei stoppa, den pågåande ureininga av elva Asopós, som retten gav staten pålegg om å rydda opp i, og Skouries-gruva, som fekk utbyggingsløyve. I saka om dei såkalla flyktningeblokkene (Prosfygika) på Aleksandras-avenyen i Aten råda ho Statsrådet til å verna dei modernistiske bygga frå 1930-talet i staden for å la staten riva dei, noko retten vedtok. Blokkene blei sidan verna som kulturminne.

Sakellaropoúlou støttar borgarrettar og er oppteken av miljøsaker og minoritetsrettar. Ho er kjend for relativt progressive synspunkt, og har til dømes støtta å ta bort religiøs tilhøyring frå offisielle greske ID-kort. Ho skilde seg frå mange andre greske dommarar ved å ta ei klart standpunkt for borgarrettar i samband med diskriminering grunna kjønn, seksualitet eller flyktningstatus.

Frå 2004 til 2014 underviste Sakellaropoúlou i miljørett ved den greske dommarskulen. Frå 2015 til 2019 var ho leiar for den greske samskipnaden for miljørett (Ellinikís Etaireías Dikaíou tou Perivállontos, EEDiP). Ho har skrive fleire artiklar og bøker om konstitusjonell rett og miljørett.

President mini|President Sakellaropoúlou ved markeringa av gjeninnføringa av demokratiet, 24. juli 2020.

I januar 2020 blei Sakellaropoúlou nominert til vervet som gresk president av statsminister Kyriakos Mitsotakis frå det konservative partiet Nytt demokrati. Opposisjonspartia Syriza og Kinima Allagis støtta nominasjonen. Parlamentet valde henne til president 22. januar 2020 med 261 av 300 stemmer. Ho var eit uvanleg val både gjennom å vera den første kvinna nominert til stillinga, og gjennom å vera politisk uavhengig. Statsminister Mitsotakis hadde tidlegare fått kritikk for det låge talet på kvinner i regjeringa si. Sakellaropoúlou blei ein konsensuskandidat som fekk eit rekordstort stemmer i parlamentet.

Ho blei innsett i presidentembetet 13. mars 2020 som den første kvinnelege presidenten i Hellas, og byrja i stillinga dagen etter. Seremonien var avgrensa grunna den pågåande koronapandemien.

Verk (Utval)biblionet.grworldcat.org Oikonomikí krísi kai prostasía tou perivállontos sti nomología tou Symvoulíou tis Epikrateías (Οικονομική κρίση και προστασία του περιβάλλοντος στη νομολογία του Συμβουλίου της Επικρατείας. 'Economic crisis and environmental protection in the case law of the Council of State'). Aten, 2017. ISBN 978-960-02-3295-0 Ē dikaiosynē stēn Ellada : protaseis gia ena synchrono dikastiko systēma. Med Michalēs N Pikramenos. (Η δικαιοσύνη στην Ελλάδα). 2019. ISBN 9786188283374 I dikaiosýni stin Elláda. Protáseis gia éna sýnchrono dikastikó sýstima (Η δικαιοσύνη στην Ελλάδα. Προτάσεις για ένα σύγχρονο δικαστικό σύστημα. 'Justice in Greece - Proposals for a modern judicial system') Aten, 2020. ISBN 978-618-5431-26-6

Prisar og utmerkingar : Stormeister og storkross av Frelsarordenen (13. mars 2020) Stormeister av Den greske æresordenen Stormeister av Den greske føniksordenen Stormeister av Den greske velgjeringsordenen Æresborgar av Xánthi, 28. mai 2020 Æresborgar av Komotiní, 29. mai 2020 Æresborgar av Lipsí, 29. juni 2020 Æresborgar av Vest-Lésvos, 17. august 2020 Æresborgar av Mejísti, 13. september 2020 Æresborgar av Platres, 23. september 2020 Æresborgar av Kárpathos, 4. oktober 2020

Utanlandske : Makarios III-ordenen (21. september 2020) : Nilordenen (11. november 2020) : Fortensteordenen til Republikken Italia: Cavaliere di Gran Croce Decorato di Gran Cordone Ordine al Merito della Repubblica Italiana (9. oktober 2020)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Katerina Sakellaropoulou» frå , den 9. februar 2021.

Kategori:Greske presidentar Kategori:Greske juristar Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar Kategori:Utvalde artiklar 2021