Gunnhild Øyehaug () er ein norsk forfattar. Ho voks opp i Ørsta og er busett i Bergen. Øyehaug skriv på nynorsk. Ho underviser ved Skrivekunst-akademiet i Hordaland.

Gunnhild Øyehaug har hovudfag i litteraturvitskap og ho er tilsett som lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har vore med i redaksjonen for tidsskriftet Vagant, og frå 2005 til 2009 redigerte ho tidsskriftet Kraftsentrum saman med Olaug Nilssen. Ho debuterte i 1998 med diktsamlinga Slaven av blåbæret. I 2004 vart novellesamling Knutar nominert til Brageprisen. I 2005 vart ho plukka ut av Bjørnsonfestivalens kunstnariske råd til å representere Noreg i det internasjonale festivalsamarbeidet Scritture Giovani. Ho vart i 2006 tildelt Bjørnsonstipendet, og i 2007 fekk ho Tanums Kvinnestipend.

Utgjevingar Slaven av blåbæret – diktsamling (1998) Knutar – novellesamling (2004) Stol og ekstase – essays og noveller (2006) Vente, blinke – roman (2008) Knutar+ – noveller (2012) Undis Brekke – roman (2014) Kvinner i for store herreskjorter – filmmanus (saman med Yngvild Sve Flikke) (2015) Draumeskrivar – novellesamling (2016) Miniatyrlesingar – essay (2017) Presens maskin – roman (2018) Vonde blomar – noveller (2020) Kolon forlag Hjartet i skalkeskjulet – essay (2022) Kolon forlag. Gunnhild, kona till Eirik Blodøks – skodespel (2023) Kolon forlag Her kjem sola – roman (2024) Kolon forlag Samla noveller – noveller (2025) Kolon forlag

Omsetjingar Sonja Åkesson: 11 dikt om einsemd (2009) Christophe Tarkos: Kasser (m. Cathrine Strøm, 2011)

Prisar og utmerkingar Bjørnsonstipendet 2006, for «sitt skakke blikk på verda, sin absurde humor og si evne til å skape eit særeige, medvite språk» (juryen si grunngjeving) Tanums Kvinnestipend, 2007 Nynorsk litteraturpris 2008 for Vente, blinke Doblougprisen, 2009 Sultprisen, 2009 Prins Eugens kulturpris, 2010 O. Henry prize for short fiction, 2022 Nynorsk litteraturpris, 2024 Nynorskstipendet til Vestland fylkeskommune, 2025 Aschehougprisen, 2026 Samlagsprisen, 2026

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Norske essayistar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Nynorsk litteraturpris Kategori:Vinnarar av Bjørnsonstipendet