Austersjøfinsk lydhistorie er lydhistoria til dei austersjøfinske språka, ein viktig del av den austersjøfinske språkhistoria.

Dei austersjøfinske språka er ei klårt avgrensa gruppe nærskylde språk, og hovudtrekka i den austersjøfinske lydhistoria har vore klår lenge. Det er likevel framleis opne spørsmål, som t.d. den interne klassifiseringa av språkfamilien, noko som lydhistoria kan gje svar på.

Vokalane Vokalsystema skil seg frå kvarandre i trykksterk (første) og trykklett staving, så vi ser på dei kvar for seg.

Vokalane i første staving Korte vokalar For å rekonstruere vokalsystemet i uraustersjøfinsk samanliknar vi samsvaret mellom ulike ord i dei austersjøfinske språka, og i tillegg også tilsvarande ord i dei andre greinene av uralsk. Ein slik rekonstruksjon er framstilt av Kaisa Häkkinen (1985:52ff), og det er hennar framstilling denne presentasjonen bygger på.

Häkkinen sett opp følgjande ordformer som representantar for dei korte vokalane i austersjøfinsk:

Kort *i ( < *ilma) Austersjøfinsk Andre uralske språk finsk ilma luft nordsamisk albmi luft karelsk ilma luft komi jen gud votisk ilma luft udmurtisk in himmel estisk ilm luft mansisk ēləm luft livisk īlma verd hantisk itəm luft

Som andre døme reknar Häkkinen opp finsk ikä "alder", imeä, "suge", itse "sjølv", kivi "stein", nimi "namn", pilvi"sky" og silmä "auge".

Kort *e ( < *elä-) Austersjøfinsk Andre uralske språk finsk elää leve nordsamisk eallit leve karelsk eleä leve austmarisk ilaš leve vepsisk el´ädä leve komi ovni̮ leve votisk elǟ leve udmurtisk uli̮ni̮ leve estisk elada leve mansisk jalt- bli betre livisk je´llə̑ leve hantisk jĕlpəɣlä vakne til liv ungarsk él leve nenetsisk jīl´ē- leve

Som andre døme reknar Häkkinen opp finsk enä oppr. tyding: "stor", kehä "ring, omkrins", keri(tuohi) "neverrull", mennä "dra av garde", pelätää "bli redd", pesä "reir", vesi "vatn", vetää" "dra".

Kort *ä ( < *käte) Austersjøfinsk Andre uralske språk finsk käsi hand nordsamisk giehta hand karelsk käzi hand erzja ked´ hand vepsisk käźi hand austmarisk kit̮ hand votisk čäsi hand komi ki hand estisk käzi hand udmurtisk ki hand livisk ke´iž hand mansisk kāt hand hantisk ket hand ungarsk kéz hand

Som andre døme på opphavleg kort ä i reknar Häkkinen opp finsk jänne "sene", jää (< *jäŋe-) "is", nähdä "sjå", pää (< päŋe). täi "lus" og väki oppr. "kraft".

Kort *ü ( < *sükśe) Austersjøfinsk Andre uralske språk finsk syksy haust nordsamisk čakča haust karelsk sükšü haust erzja śokś haust vepsisk sügüz haust austmarisk šə̑žə̑ haust votisk süčüzü haust udmurtisk siźi̮l haust estisk sügis haust mansisk takwəs haust livisk si´kš haust hantisk sĕkwəs haust ungarsk ösz haust

Som andre døme på opphavleg kort ü i finsk reknar Häkkinen opp finsk kynsi "nagl", nysi "skaft" (på arbeidsreidskap), sydän "hjarte", syli "fang", sylki "spytt", sysi (i dag som forledd i t.d. sysimusta "heilt svart"), tymä "lim".

Kort *u ( < *pure) Austersjøfinsk Andre uralske språk finsk purra bite nordsamisk borrat ete karelsk purra bite erzja poŕems bite vepsisk purda bite austmarisk puraš bite votisk purra bite komi purni̮ bite estisk pureda bite udmurtisk puri̮ni̮ bite livisk pu´rrə̑ bite mansisk pur- bite hantisk părDa bite

Som andre døme på opphavleg kort u i finsk reknar Häkkinen opp finsk kulkea "vandre", lukea "lese" pura "meisel", tuli "eld" og tuntea "kjenne".

Kort *o ( < *voje "feitt") Austersjøfinsk Andre uralske språk finsk voi smør, feitt nordsamisk vuodja smør, feitt karelsk voi smør, feitt erzja oj smør, feitt vepsisk voi smør, feitt austmarisk üj smør, feitt votisk ve̮i smør, feitt komi vi̮j smør, feitt estisk või smør, feitt udmurtisk ve̮j smør, feitt livisk vui smør, feitt mansisk uj smør, feitt hantisk uj smør, feitt ungarsk váj smør, feitt

Som andre døme på opphavleg kort o i finsk reknar Häkkinen opp finsk koivu "bjørk", kolme "3" kota "gamme", olla "å vere", otava "laksegarn" og polvi "kne".

Kort *a ( < *maksa "lever") Austersjøfinsk Andre uralske språk finsk maksa lever umesamisk müeksee lever karelsk makša lever erzja makso lever vepsisk maks lever austmarisk mokš lever votisk mahsa lever komi mus lever estisk maks lever udmurtisk mus lever livisk maksà lever mansisk mājt lever hantisk muXət lever ungarsk máj lever nenetsisk mi̮d smør, feitt

Som andre døme på opphavleg kort a i finsk reknar Häkkinen opp finsk ala "ned", antaa "gje" kala "fisk", pala "ein bit", sala "hemmeleg" og varis "kråke".

I tillegg til desse vokalane finst det i finsk og fleire andre austersjøfinske språk kort ö. Orda med ö har ikkje samsvar i dei andre greinene av den uralske språkfamilien, så konklusjonen er at ö er ein yngre vokal i språksystemet.

Lange vokalar og diftongar

Dei lange vokalane i, u går attende til lange vokalar i dei andre uralske språka. Det same gjer vokalane e, o, dei har vorte diftonger til ie, uo i dei fleste austersjøfinske språka. Dei austersjøfinske språka har også felles ord med dei lange vokalane ü, ä, ä, men for desse orda har ikkje orda i slektspråka lang vokal. Framstillinga byggjer på Häkkinen 1985:54ff.

Lang *i ( < *vīte "fem") Austersjøfinsk Andre uralske språk finsk viisi fem nordsamisk vihta fem karelsk viisi fem erzja vet´e fem vepsisk viž fem austmarisk vič fem votisk vīsi fem komi vit fem estisk viis fem udmurtisk vit´ fem livisk viž fem mansisk at fem hantisk wet fem ungarsk öt fem nenetsisk ju´ ti

Det er ikkje mange ord som er rekonstruert med lang ī, to er likevel piiri "ring, omkrins" og niini.

Lang *u ( < *kūle- "høyre") Austersjøfinsk Andre uralske språk finsk kuulla høyre nordsamisk gullat høyre karelsk kuule- høyre erzja kul´ems høyre vepsisk kulda høyre austmarisk kolaš høyre votisk kūlla høyre komi ki̮vni̮ høyre estisk kuulda høyre udmurtisk ki̮li̮ni̮ høyre livisk kūl høyre mansisk Xūli høyre hantisk Xutta høyre ungarsk hall (?) høyre nenetsisk Xā (?) øyre

Andre ord med lang *ū er kuusi "seks", muu "annan", tuuli "vind", uuhi.

Lang *e ( < *kēle- "tunge") Austersjøfinsk Andre uralske språk finsk kieli språk, tunge nordsamisk giella språk karelsk kieli språk, tunge erzja kel´ tunge vepsisk kel´ språk, tunge austmarisk kə̑l streng votisk čēli språk, tunge komi ki̮v språk estisk keel språk, tunge udmurtisk ki̮l språk livisk kēl´ språk, tunge sørmansisk kelä høyre hantisk ket høyre ungarsk śie høyre nenetsisk Xā (?) øyre

Det er ein gammal lang *ē også i liemi, ‘kjøttkraft’, mieli, ‘sinn’, niella, ‘svelgje’, pieli.

Lang *o ( < *ńōle, ‘pil’) Austersjøfinsk Andre uralske språk finsk nuoli pil nordsamisk njuolla pil onegakarelsk nuoli pil erzja nal pil estisk nool spil austmarisk nölö pil livisk nùol pil komi ńev pil udmurtisk ńe̮l pil sørmansisk ńāl pil hantisk ńot pil ungarsk nyíl pil nenetsisk tūńńu børse (eld + pil)

Det er ein gammal lang *ō også i kuolla, ‘døy’, nuolla, ‘sleike’, suoli, ‘tarm’, suoni, ‘sene’.

I tillegg til desse fire vokalane har dei austersjøfinske språka også ord med lang *ā, *ǟ, *ǖ, *ȫ. I og med at orda er felles for alle dei austersjøfinske språka må lydutviklinga som har ført til dei lange vokalane gå attende til tida då austersjøfinsk var eitt språk. Attom dei lange vokalane er det fleire språklege endringar, dei fleste av dei er vokalisering av *j, *v og *ŋ.

tyding finsk estisk urfinsk-samisk erzja lår sääri sär *säjer śejer hoggorm kyy küü *küje kuj ete syö- söö *söv < *seve sevems arbeid työ töö *töv < *teve t´ev måne kuu kuu *kuŋe kov mus hiiri hiir *šiŋere čejer

Dei austersjøfinske språka har fleire diftongar. Diftongane ie, üö, uo er resultat av diftongering av lang ē, ō, ū. Dei er ikkje diftongert i alle dei austersjøfinske språka, så denne utviklinga må vere frå etter at språka skilde seg frå kvarandre. Diftongar som sluttar på trong vokal er på si side fells for alle dei austersjøfinske språket.

Denne tabellen viser au og ei, den første, hauta "grav", frå eit germansk lån *sauþa "grop" (jf. det norske stadnamnet Sauda), og i det andre, seitsemän "sju" går diftongen ei attende til eŋ (jf. urf. *śeŋ́će).

Språk "grav" "sju" finsk hauta seitsemän karelsk hauda seiččemän vepsisk haud śeič́č́emän votisk auta seicē estisk haud seitse livisk ōda seìs

Frå uraustersjøfinsk til dei moderne språka

På bakgrunnen av samanstilling ovafor kan vi rekonstruere dette vokalsystemet for uraustersjøfinsk, dvs. det felles urspråket for austersjøfinsk og samisk :

Korte vokalar Lange vokalar Høg i ü u i: u: Mid e o e: o: Låg ä a

Som vi har sett har vi for både dei korte vokalane i, e, ä, y, u, o, a og for dei lange vokalane ī, ē, ō, ū funne tilsvar i dei andre uralske språka. Dei er også felles for dei austersjøfinske språka. Diftongar der andre vokal er trong kjem frå lånord eller frå vokal + konsonant-samband. Resultatet for dei moderne språka blir altså slik.

Korte vokalar Lange vokalar Diftongerte lange vok. Høg i y u i: y: u: ie yö uo Mid e ö o e: ö: o: Låg ä a ä: a:

Vokalane i andre staving

For ur-finsk-samisk kan vi rekonstruere vokalsystemet for andre stavinga i ordet:Korhonen 1988:271

Vokalar Mid e o Låg ä a

Konsonantane

Konsonantane i det finsk-samiske urspråket

For å rekonstruere konsonantsystemet i austersjøfinsk går vi gjennom dei ulike konsonanttypane i dei ulike språka.

Lukkelydar Lukkelydane p, t, k er uforandra i dei fleste språka (estisk -b- representerer standardortografien, uttale er [p]).

*p- ( < *pesä "reir), *-p- (< śepä "hals") Initial konsonant Konsonant mellom vokalane finsk pesä nordsamisk beassi finsk sepä nordsamisk čeabet karelsk pesä erzja pize karelsk šepä erzja śive vepsisk pezä austmarisk pə̑žaš vepsisk śeba austmarisk šüj votisk pesä komi poz komi śi̮li estisk pesa udmurtisk puz estisk seba udmurtisk si̮l livisk pjezà mansisk pit´i livisk sebà mansisk sip hantisk pĕl hantisk sapet ungarsk fészek ungarsk nenetsisk pid´e nenetsisk

Andre ord med opphavleg initial p er finsk pala, ‘bit’, palaa, ‘brenne’, panna, ‘setje’, pelätä, ‘frykte’, perä, "bak’, pii, ‘tann, rivetind’, pilvi ‘sky’, poika ‘gut’. p mellom vokalar finst i finsk hupa, ‘udryg, sløsaktig’, kupinas, ‘symjeblære’, repo, ‘rev’, sopa, ‘klesdrakt’.

*t- (< tälvä, "vinter"), *-t- (< kota, ‘hytte, gamme’) Initial konsonant Konsonant mellom vokalane finsk talvi nordsamisk dálvi finsk kota nordsamisk goahti karelsk talvi erzja t´el´e karelsk koda erzja kudo vepsisk tal´v austmarisk tele vepsisk koda austmarisk kuđo votisk talvi komi te̮v votisk kota komi kola estisk talv udmurtisk tol estisk koda udmurtisk kuala livisk tōla mansisk tāl livisk kuodà mansisk hantisk tĕtə hantisk Xot ungarsk tél ungarsk ház

Andre ord med initial t er te "dokker", touko "vår", tuli "eld", tuntea "kjenne, føle", tuoda "bringe", tyvi "rot", täi "lus". t mellom vokalar har vi i finsk pata "gryte", sata "hundre", vetää "dra".

*k (< kakta, "2"), *-k- (< joke, "elv") Initial konsonant Konsonant mellom vokalane finsk kaksi nordsamisk guokti finsk joki nordsamisk johka karelsk kakši erzja kavto karelsk kogi erzja Jov (stadnamn) vepsisk kakś austmarisk kok vepsisk d´ögi austmarisk - votisk kahsi komi kik votisk je̮či komi ju estisk kaks udmurtisk kik estisk jõgi udmurtisk ju- livisk kakw mansisk kit´ livisk jo´G mansisk jā hantisk kĕt hantisk jŏɣən ungarsk két ungarsk -jó nenetsisk śid´e nenetsisk jaXā

Gamle uralske ord på k- er det mange av, t.d. finsk kala, ‘fisk’, kantaa, ‘bere’, kehä, ‘ring’, kieli, ‘tunge, språk’, kivi, ‘stein’, kolme, ‘3’, kota, ‘gamme’, kuolla, ‘døy’, kynsi, ‘nagl’, käsi, ‘hand’. Ord med k i intervokalisk posisjon er t.d. ikä, ‘alder’, lukea, ‘lese’, taka, ‘bak’, väki, ‘folk’.

Affrikatar

*č- (< čappama, "sur"), -č- ( < kečä, "ring") Initial konsonant Konsonant mellom vokalane finsk hapan nordsamisk - finsk kehä nordsamisk giessat karelsk hapan erzja čapamo karelsk kehä erzja či vepsisk hapata austmarisk šop vepsisk austmarisk keče votisk apō komi votisk komi kič estisk hapu udmurtisk estisk keha udmurtisk koš livisk ap̀pə̑n mansisk livisk mansisk

Opprinneleg č har vorte h i dei austersjøfinske språka, men falle bort i votisk og livisk.