Chris Woods er ein britisk fingerstyle-gitarist som brukar fleire avanserte teknikkar. Woods er også ein komponist, lærar og forfattar av boka Percussive Acoustic Guitar. Når han gjev ut musikk går han med namnet «Chris Woods Groove» og «The Chris Woods Groove Orchestra».

Gitarstil Spelestilen til Woods er karakterisert av bruk av moderne og utvikla gitarteknikkar, inkludert alternative stemmingar, tapping og gitarperkusjon. Teknikken hans vart utvikla med eksperimentering på universitetet med solo jazzgitarspeling, men også med inspirasjon frå andre gitaristar, til dømes John Martyn. Han gav musikk ut på den tida perkussiv akustisk gitar vart populært på YouTube, slik vart han også med i dokumentaren Acoustic Uprising.

alt=Trampeboks|mini|Eit eksempel på trampeboks

Woods brukar ein trampeboks, for å laga ein støttande takt til musikken sin. I 2012 lanserte bedrifta Logarhytm ein skreddarsydd signatur-modell boks for Woods. Gitaren han brukar er ein Martin000x1.

Han spelar som solist i tillegg til forskjellege instrumentalensemble, tidlegare har han spelt på Glastonburyfestivalen, London Olympia, Real World Studios, Marriott Hotel NAMM, Mikulassky Jazz Festival, Sage Gateshead og fleire.

Komposisjonar Woods gav ut to solo-gitar album; Woodcraft (2011) og Stories For Solo Guitar (2013),https://www.igf.org.uk/creative-acoustic/ “International Guitar Foundation” Igf.co.uk. Vitja 20. juli 2018 og eit duoalbum med WIl McNicol 48 hour Atlas i 2015, som vart spelt inn og skrive på 48 timar.

Mellom 2015 og 2018 gav han ut fleire singlar og ein EP som Chris Woods Groove Orchestra, som også inneheldt og lanserte eit prosjekt kalla Guitar Revolution. Guitar Revolution er ein komposisjon som består av fire delar, frå nybyrjar til avansert. Han inviterte publikum til å ta delta på The London Acoustic Guitar Show i september 2016 for å framføra stykket.

Etter ei svært godt likt pop-up-forestilling på London Acoustic Guitar Show, turnerte Chris Woods med prosjektet, med støtte frå Martin Guitars i byrjinga av 2017, og inviterte publikum til å vera med i fleire forskjellege byar.https://www.pmtonline.co.uk/blog/2017/02/01/guitar-revolution-tour/ “Martin Sponsorship of tour” pmtonline.com. Vitja 20. juli 2018

Pedagogiske publikasjonar Woods er forfattaren av Percussive Acoustic Guitar, som fyst vart gjeve ut av Hal Leonard i mars 2013. Han vart kontakta av Leonard på NAMM-showet i California for å skriva "how to play" percussive guide. Boka vert brukt i utdanningsinstitusjonar og som ein akademisk referanse for stilen. Boka inneheld instruksjonar om perkussive gitarteknikkar. Desse teknikkane vert kalla «String slapping», «Body percussion», «Tapping», «Harmonics (overtonar)» og «Alternative tunings». Kategoriane er delt inn i kapittel, der kvart kapittel inneheld forskjellege eksempel. Eksempla byrjar alle med sin eigen oppvarming-øving. Boka avsluttar med fleire heile stykke og det er komp på ein DVD.

Han skreiv også ein spalte for Acoustic Guitar Magazine, og bidrog til magasinet Guitar Techniques med «Creative Acoustic»-serien inkludert; Utgåve 253 - Gitar perkusjon utgåve 254 - DADGAD, utgåve 255- overtonar, utgåve 256- delvis capo (Capo som ikkje er over alle strengane) og utgåve 289 - perkussiv akustisk. Begge magasina er gjevne ut av Future Publishing.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chris Woods (guitarist)» frå , den 23. februar 2021.

Kategori:Britiske gitaristar Kategori:Britiske komponistar Kategori:Britiske jazzmusikarar Kategori:Musikarar frå Sussex Kategori:Fingerspelgitaristar