Austerrike debuterte i Eurovision Song Contest i 1957 og har delteke 57 gongar. Austerrike har vunne Eurovision Song Contest tre gongar, fyrst i 1966 med Udo Jürgens, deretter i 2014 med Conchita Wurst, og sist i 2025 med JJ. Austerrike har også hamna på sisteplass åtte gongar, der fire av dei endte med null poeng. Saman med Noreg er Austerrike det landet som har fått null poeng flest gongar i Eurovision Song Contest.
Historikk Det er den austerrikske allmennkringkastaren Österreichischer Rundfunk (ORF) som har ansvaret for å velje Austerrike sitt bidrag til Eurovision Song Contest. Debuten kom allereie i den andre utgåva av Eurovision Song Contest, i 1957, då Austerrike enda på sisteplass i sitt aller fyrste forsøk i tevlinga. Sidan har ei rekkje nye sisteplassar fulgt, inkludert fire gongar der dei ikkje har fått noko poeng. I 2015 vart Austerrike den fyrste vertsnasjonen i Eurovision Song Contest som fekk null poeng.
Trass sisteplassane har Austerrike også åtte topp fem-plasseringar, inkludert to sigrar. Den fyrste kom i Luxembourg i 1966, då Udo Jürgens, på sitt tredje forsøk på rad, vann med songen «Merci, Chérie». Etter den fyrste sigeren til Austerrike, skulle det gå heile 48 år før landet fekk sin andre siger, då Conchita Wurst vann med songen «Rise Like a Phoenix» i 2014. I 2018 leia Austerrike finalen etter juryavrøystinga, men enda på tredjeplass totalt etter å ha hamna 13.-plass blant folket. Utanom dei to sigrane er tredjeplassen den beste plasseringa til Austerrike.
Fleire fråvær Sidan debuten har Austerrike av ulike årsaker heldt seg utanfor tevlinga ei rekkje gongar. I 1969 trekte Austerrike seg fordi Eurovision Song Contest skulle haldast i det Franco-styrte Spania, og i 1970 i protest mot at fire land delte sigeren året før. Også Norden og Portugal trekte seg frå finalen i 1970 av same grunn. I åra 1973-1975 var Austerrike, av uvisse årsaker, heller ikkje med i tevlinga.
I 1998 og 2001 måtte Austerrike stå over Eurovision Song Contest på grunn av dårlege resultat åra før. I 2006 og åra 2008 til 2010 deltok ikkje Austerrike, i protest mot det nye røystesystemet i Eurovision Song Contest og innføringa av to semifinalar og korleis landa ville bli fordelte i dei semifinalane. Austerrike kom tilbake i 2011 då nabolandet Tyskland arrangerte tevlinga, og har delteke kvart år sidan.
Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1957 Bob Martin «Wohin, kleines Pony?» Tysk 3 10 1958 Liane Augustin «Die ganze Welt braucht Liebe» Tysk 1 9 1959 Ferry Graf «Der K und K Kalypso aus Wien» Tysk 21 1 1960 Harry Winter «Du hast mich so fasziniert» Tysk 6 7 1961 Jimmy Makulis «Sehnsucht» Tysk 1 15 1962 Eleonore Schwarz «Nur in der Wiener Luft» Tysk 0 13 1963 Carmela Corren «Vielleicht geschieht ein Wunder» Tysk og engelsk 16 7 1964 Udo Jürgens «Warum nur warum?» Tysk 11 6 1965 Udo Jürgens «Sag ihr, ich lass sie grüßen» Tysk 16 4 1966 Udo Jürgens «Merci, Chérie» Tysk og fransk 31 1 1967 Peter Horton «Warum es hunderttausend Sterne gibt» Tysk 2 14 1968 Karel Gott «Tausend Fenster» Tysk 2 13 1971 Marianne Mendt «Musik» Wienersk 66 16 1972 Milestones «Falter im Wind» Tysk 100 5 1976 Waterloo & Robinson «My Little World» Engelsk 80 5 1977 Schmetterlinge «Boom Boom Boomerang» Tysk og engelsk 11 17 1978 Springtime «Mrs. Caroline Robinson» Tysk 14 15 1979 Christina Simon «Heute in Jerusalem» Tysk 5 18 1980 Blue Danube «Du bist Musik» Tysk 64 8 1981 Marty Brem «Wenn du da bist» Tysk 20 17 1982 Mess «Sonntag» Tysk 57 9 1983 Westend «Hurricane» Tysk 53 9 1984 Anita «Einfach weg» Tysk 5 19 1985 Gary Lux «Kinder dieser Welt» Tysk 60 8 1986 Timna Brauer «Die Zeit ist einsam» Tysk 12 18 1987 Gary Lux «Nur noch Gefühl» Tysk 8 20 1988 Wilfried «Lisa, Mona Lisa» Tysk 0 21 1989 Thomas Forstner «Nur ein Lied» Tysk 97 5 1990 Simone «Keine Mauern mehr» Tysk 58 10 1991 Thomas Forstner «Venedig im Regen» Tysk 0 22 1992 Tony Wegas «Zusammen geh'n» Tysk 63 10 1993 Tony Wegas «Maria Magdalena» Tysk 32 14 1994 Petra Frey «Für den Frieden der Welt» Tysk 19 17 1995 Stella Jones «Die Welt dreht sich verkehrt» Tysk 67 13 1996 George Nussbaumer «Weil's dr guat got» Vorarlbergsk 68 10 80 6 1997 Bettina Soriat «One Step» Tysk og engelsk 12 21 1999 Bobbie Singer «Reflection» Engelsk 65 10 2000 The Rounder Girls «All To You» Engelsk 34 14 2002 Manuel Ortega «Say a Word» Engelsk 26 18 2003 Alf Poier «Weil der Mensch zählt» Tysk 101 6 2004 Tie Break «Du bist» Tysk 9 21 colspan=2 2005 Global Kryner «Y así» Engelsk og spansk colspan=2 rowspan=2 30 21 2007 Eric Papilaya «Get a Life – Get Alive» Engelsk 4 27 2011 Nadine Beiler «The Secret Is Love» Engelsk 64 18 69 7 2012 Trackshittaz «Woki mit deim Popo» Tysk colspan=2 rowspan=2 8 18 2013 Natália Kelly «Shine» Engelsk 27 14 2014 Conchita Wurst «Rise Like a Phoenix» Engelsk 290 1 169 1 2015 The Makemakes «I Am Yours» Engelsk 0 26 colspan=2 2016 Zoë «Loin d'ici» Fransk 151 13 170 7 2017 Nathan Trent «Running on Air» Engelsk 93 16 147 7 2018 Cesár Sampson «Nobody but You» Engelsk 342 3 231 4 2019 Pænda «Limits» Engelsk colspan=2 21 17 Vincent Bueno «Alive» Engelsk colspan="4" 2021 Vincent Bueno «Amen» Engelsk rowspan=2 colspan=2 66 12 2022 LUM!X med Pia Maria «Halo» Engelsk 42 15 2023 Teya og Salena «Who the Hell Is Edgar?» Engelsk 120 15 137 2 2024 Kaleen «We Will Rave» Engelsk 24 24 46 9 2025 JJ «Wasted Love» Engelsk 436 1 104 5 2026 «» Tysk colspan=2
Galleri
Røystehistorikk (1957–2025) Finalane
+ Austerrike har gjeve flest poeng til Nr. Land Poeng1 2162 2133 1884 1835 179
+ Austerrike har fått flest poeng frå Nr. Land Poeng1 1482 1343 1194 1175 113
Eurovision Song Contest i Austerrike År Stad Arena Programleiarar 1967 Wien Großer Festsaal der Wiener Hofburg Erika Vaal 2015 Wien Wiener Stadthalle Alice Tumler, Arabella Kiesbauer og Mirjam Weichselbraun 2026 Wien Wiener Stadthalle Victoria Swarovski og Michael Ostrowski
Kjelder
Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Austerrike i Eurovision Song Contest Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Østerrike i ESC» frå , den 27. februar 2021.
Kategori:Austerrike i Eurovision Song Contest Kategori:Land i Eurovision Song Contest