Zanjan-provinsen (persisk استان زنجان Ostān-e Zanjān, aserbajdsjansk Zəncan ostanı) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg i Iransk Aserbajdsjan og folkesetnaden er aserbajdsjanarar. Hn er ein del av Region 3 i Iran. Provinshovudstaden er Zanjan. Provinsen dekkjer eit areal på 36 400 km² og har like over éin million innbyggjarar (2011), som for det meste bur på landsbygda.Selected Findings of National Population and Housing Census 2011 Provinsen ligg 330 km nordvest for Teheran.

Geografi og klima Zanjan dekkjer kring 1,34 % av Iran. Folketettleiken er kring 4,25 personar per km². Zanjan grensar til Aust-Aserbajdsjan, Vest-Aserbajdsjan, Hamadan, Kurdistan, Gilan, Ghazvin og Ardabil.

Av shahrestan, eller fylke i Zanjan-provinsen, finn ein: Abhar fylke Eejrud fylke Khodabandeh fylke Khorramdarreh fylke Zanjan fylke Tarom fylke Mahneshan fylke

Zanjan har eit fjellklima prega av kalde, snørike vintrar i fjella og moderat klima på slettene om vinteren. Om sommaren er vêret varmt. Den normale maksimumstemperaturen er kring 27 °C, medan den normale minimumstemperaturen om vinteren er –19 °C. Temperaturer over 30 ºC er derimot ikkje uvanleg på varme dagar, og heller ikkje temperaturer ned til –27 °C om vinteren.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Zanjan Province» frå , den 7. mars 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Provinsar i Iran