Lasse Mustafa Myrvold, best kjend som Lasse Myrvold, () var ein norsk musikar. Han var oppvaksen i Stavanger, men er kjend som ein del av musikkmiljøet i Bergen, og spelte i band som The Aller Værste!, The Beste og Kong Klang. Han stod òg bak prosjekt som Stilleben, The Willkoks Talk og Göbbels a Go Go og filmmusikken til Velkommen Hjem frå 2002. Han var bror til kunstnaren og klededesignaren Pia Myrvold.
Etter at det var vorte kjend at prostatakreften han var råka av ikkje lét seg lækje vart det sett i gang arbeid med å lage ei hyllestplate som fekk namnet Dans til musikken. På plata medverkar ei rekkje norske musikarar og band med sine versjonar av Myrvold-musikk. Plata inneheld også det nylaga sporet Du og jeg i samme båt framført av Myrvold som Kong Klang.
Diskografi The Aller Værste! 1980Blålys/På vei hjemsingelDen Gode Hensikt 1980TAV!EPDen Gode Hensikt 1980MaterialtretthetLPDen Gode Hensikt 1981Disniland i de tusen hjemLPDen Gode Hensikt 1981Hakk/Bare feigingersingelDen Gode Hensikt Stilleben 1982StillebenEPApollon Records Lasse Myrvold og Kristian Stangebye 1983The Willkoks TalkLP 1983Göbbels A Go GoLP The Beste 1985En sang for åtte kroner...LP 1987BlåttLP Kong Klang 1999Kong KlangCDDen Gode Hensikt 2002Kong Klang og Terje DragsethCD
Kjelder Bergens Tidende melder at Lasse Myrvold er død Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rockleksikon. Vega Forlag, Oslo 2005. ISBN 978-82-92489-09-3
Bakgrunnsstoff The Aller Siste Intervju med Myrvold, av Tore Renberg Intervju med Lasse Myrvold i Bergensavisen 2. september 2006
Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Norske musikarar