Elektronisk Forpost Noreg (bokmål Elektronisk Forpost Norge, nordsamisk Elektovnnaláš Ovdasjuovku Norgga), EFN er ein elektronisk rettsorganisasjon som jobbar med medborgarskap og juridiske rettar i IT-samfunnet. EFN kan sjåast på som eit norsk motstykke av den amerikanske Electronic Frontier Foundation (EFF).

Samskipnaden vart starta av Micha Reisel i 1994 som eit forum (e-postliste). Leiar for styret er Øyvind Hanssen. EFN arbeider for å setja fokus på blant annan digital allemannsrett, opne standardar, opphavsrett, personvern, teknisk allmennkunne og datatryggleik. Ei viktig retning blant medlemmane er Creative Commons, rørsla som søkjer å forbetra og vidareutvikla innhald, åndsverk, programvare og internett gjennom fri deling av kunnskap, kjeldekode og opna rettar. Frå 2007 er EFN medlem av European Digital Rights (EDRi), som blant anna arbeid med spørsmål om personvern og digital allemannsrett overfor EU.

EFN har òg eigne til ungdoms- og studentforum, og sender eigne lag til The Gathering og Wiki-arrangement.

Det var per desember 2016 ca. 950 abonnentar av epostlista, der ca. 525 er medlemmar av EFN.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elektronisk Forpost Norge» frå , den 11. mars 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Ytringsfridom Kategori:Skipingar i 1994 Kategori:Ideelle organisasjonar i Noreg Kategori:Norske organisasjonar