Helge Julius Jakhelln Dyvik () er ein norsk professor i språkvitskap.
Dyvik var fødd i Bodø. Etter å ha vorte cand.mag. frå Universitetet i Bergen i 1972, studerte han gammal- og mellomengelsk ved Universitetet i Durham i 1973 og vart mag.art. i nordiske språk i 1976. I 1981 vart han dr.philos. med avhandlinga Grammatikk og empiri, ei avhandling innafor teoretisk lingvistikk. I 1987 mottok han Fridtjof Nansens belønning for fremragende forsking.
I 1983 vart Dyvik utnemnd til professor i allmenn lingvistikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen. I 1995 vart han innvald i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, i 1998 i Det Norske Videnskaps-Akademi, i 2015 i Academia Europaea, og i 2019 i Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.
Han har hatt mange verv, blant anna som president i Nordic Association of Linguists. I 2000 vart han medlem i Norsk språkråd, og frå 2006 til 2013 var han leiar for Språkrådet sitt Fagråd for normering og språkobservasjon.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Helge Julius Jakhelln Dyvik» frå , den 20. mars 2021.
Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Folk frå Bodø Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen