mini|Nederlandske koloniar før andre verdskrigen. Det nederlandske imperiet eller det nederlandske koloniriket (nederlandsk Het Nederlandse Koloniale Rijk) er koloniriket til Nederland. Kolonihistoria byrja på 1600-talet, då Det nederlandske austindiakompaniet (VOC) byrja sjå etter nederlandske handelsinteresser i Indiahavet.

Ulike koloniar

Surinam Surinam, som tidlegare heitte Nederlandsk Guyana, blei nederlandsk koloni i 1667 og sjølvstendig i 1975. Kort tid etter sjølvstendet flytta ein tredel av innbyggjarane i Surinam til Nederland. Det einaste offisielle språket i staten er framleis nederlandsk.

Indonesia Nederlendarar byrja kolonisera Indonesia på 1600-talet, og namnet på kolonien var lenge Nederlandsk Austindia. Under den japanske okkupasjonen i 1942 erklærte Indonesia sjølvstende. Etter andre verdskrigen lykkast Nederland ikkje i å få øyane tilbake under kontroll, og i 1949 anerkjende dei indonesisk sjølvstende.

I dag Nederlandsk kolonihistorie er stadig tydeleg i Sør-Afrika, der afrikaans blir snakka av fleire innbyggjarar. Ifølgje forskarar blei språket utvikla som eit kontaktspråk mellom nederlandsktalande innvandrar frå Europa og kreolisert nederlandsk som blei brukt av det lokale sanfolket.

Den moderne Kongeriket Nederlanda består av Nederland, Aruba, Curaçao og Sint Maarten. Øyane Bonaire, Sint Eustatius og Saba fungerer som kommunar i Nederland og ikkje som separate land innan kongeriket.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nederländernas kolonier» frå , den 26. mars 2021.

Bakgrunnsstoff

Nederlandsk Koloniriket