Åse Gunhild Woie Duesund () er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Ho vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder i 1997 og sat i tre periodar. Duesund var fylkesvaraordførar i Aust-Agder i perioden 1993–1995.
Ho er utdanna fysioterapeut frå Statens fysioterapihøgskole (1969). Duesund har arbeidd som fysioterapeut, og som lærar i den vidaregåande skulen.
Ho var medlem av Aust-Agder fylkesting 1987–1997, dei siste fire åra som heiltidspolitikar. Ho var medlem av fylkesstyret i Aust-Agder KrF frå 1993 til 2001 og sentralstyret i KrF frå 1999 til 2003. I den fyrste perioden hennar på Stortinget var ho medlem av Den utvida utanrikskomiteen, Fullmaktskomiteen og Sosialkomiteen, i tillegg til at ho var delegat til generalforsamlinga i SN. I perioden frå 2001 til 2005 var ho andre nestleiar i Sosialkomiteen og medlem av Fullmaktskomiteen. I siste noverande perioden var ho medlem av Arbeids- og sosialkomiteen. Ho har også vore medlem av styret til KrF si stortingsgruppe i store delar av dei periodane ho har sete på Stortinget.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Norske fysioterapeutar Kategori:Norske pedagogar Kategori:Folk frå Grimstad