Lars Henrik Andreas Barruk ( i Västerås) er ein umesamisk språkkonsulent og lærar, som er kjent for arbeidet sitt med umesamisk språkrevitalisering og dokumentasjon.

Barruk er ein av få umesamiske talarar, og han har halde kurs i umesamisk ved Umeå universitet. Han var òg med i ei arbeidsgruppe oppnemnd av Samiskt parlamentariskt råd og utvikla ein umesamisk ortografi saman med språkvitarane Ole Henrik Magga, Pekka Sammallahti og Olavi Korhonen. Barruk har òg saman med eldre umesamiske talarar arbeidd med ein umesamisk ordbok beståande av 4 300 ord. I 2008 vart han tildelt Umeå sameforening sin heiderspris og språkprisen Gollegiella for arbeidet sitt, og i 2018 vart han òg tildelt minoritetsspråkprisen til det svenske språkrådet for innsatsen sin. Barruk er far til musikaren Katarina Barruk som skriv musikk på umesamisk og arbeider som lærar på umesamiske språkbad.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Henrik Barruk» frå , den 31. mars 2021.

Kategori:Samiske pedagogar Kategori:Samiske leksikografar Kategori:Umesamisk språk