Zabol fylke (persisk شهرستان زابل) er eit fylke i Sistan og Balutsjistan i Iran. Det administrative senteret i fylket er Zabol. I folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i fylket (inkludert delane av fylket som vart skild ut for å danne Hirmand fylke) 317 357; og utanom desse delane som seinare vart fråskild var folketalet 244 103. Fylket er delt inn i dei tre distrikta Sentral-distriktet, Shib Ab-distriktet og Posht Ab-distriktet. Fylket har dei fire byane Zabol, Bonjar, Mohammadabad og Adimi.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Zabol County» frå , den 2. april 2021. oppgav desse kjeldene: اطلس گیتاشناسی استانهای ایران [Atlas Gitashenasi Ostanhai Iran] (Gitashenasi Province Atlas of Iran )
Kategori:Fylke i Sistan og Balutsjistan