Kavir nasjonalpark er eit verna, økologisk område nord i Iran. Det strekkjer seg over 4 000 kvadratkilometer. Parken ligg 120 km sør for Teheran og 100 kilometer aust for Qom, i vestenden av ein av dei to store ørkenane i Iran, Dasht-e Kavir. Siahkuh (Svartfjellet), er eit stort, halvsirkelforma fjell som ligg omtrent midt i parken.

Parken omfattar både ørken og steppe, og vert stundom kalla «Vesle Afrika» på grunn av det safari-aktige dyrelivet, inkludert geiter (Capra aegagrus), sau (Ovis orientalis),Mohammadian,H. Mammals of Iran. Shabpareh Publishing Institute. Teheran, Iran.2005.. stripehyene, indisk ulv, gaseller, den sjeldne asiatiske geparden og persisk leopard. Typisk får området kring 150 mm med regn kvart år, som stort sett kjem mellom november og mai. Vegetasjonen i regionen er tilpassa det tørre og salthaldige jordsmonnet.

Namaksjøen (Saltsjøen) ligg like utafor parken. Dette er i røynda ei saltsump, og vatn flyt inn i innsjøen frå nord via Qomelva, som òg renn gjenom den nordlege delen av Kavir nasjonalpark. Qom er ei av særs få permanente elvar i heile ørkenområdet i Iran. Kavir nasjonalpark ligg i den sentrale provinsen Semnan og dekkjer eit område på 440 000 mål.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kavir National Park» frå , den 3. april 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nasjonalparkar i Iran Kategori:Biosfærereservat i Iran Kategori:Ørkenar i Iran Kategori:Geografi i Semnan-provinsen