Warren William Zevon () var ein amerikansk musikar kjend for mørke og tidvis morosame tekstar. Den kanskje mest kjente låten hans er «Werewolves of London» (1978), som er kjenneteikna av ein makaber tekst og av at Zevon ular i refrenget.

Warren Zevon og Bill Murray var dei første gjestane på Late Night with David Letterman 1. februar 1982. Sidan var Zevon erstattar for Paul Shaffer og fleire gonger gjest i tida mellom 1982 og 2001. 30. oktober 2002 var han den einaste gjesten i Late Show with David Letterman for å fortelja om sjukdommen sin. Til slutt i programmet spelte han «Roland the Headless Thompson Gunner» på oppfordring frå David Letterman, og dette var den siste songen Warren Zevon framførte offentleg. Zevon døydde av lungekreft den 7. september 2003.

Han var far til musikaren Jordan Zevon.

Album

Wanted Dead or Alive – 1969 Warren Zevon – 1976 Excitable Boy – 1978 Bad Luck Streak in Dancing School – 1980 Stand in the Fire – 1981 The Envoy – 1982 A Quiet Normal Life: The Best of Warren Zevon – 1986 Sentimental Hygiene – 1987 Transverse City – 1989 Hindu Love Gods – 1990 Mr. Bad Example – 1991 Learning to Flinch – 1993 Mutineer – 1995 I'll Sleep When I'm Dead (An Anthology) – 1996 Life'll Kill Ya – 2000 My Ride's Here – 2002 Genius: The Best of Warren Zevon – 2002 The Wind – 2003 Reconsider Me: The Love Songs – 2006 Preludes - Rare and Unreleased Recordings – 2007 Warren Zevon (Collector's Edition; Remastered) – 2008

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Warren Zevon» frå , den 7. april 2021.

Bakgrunnsstoff

Singer and songwriter Warren Zevon dead at 56 Warren Zevon biografi hos rollingstone.com Warren Zevon official MySpace site Warren Zevon-biografi i Rolling Stone

Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Folk frå Chicago Kategori:Folk frå Los Angeles Kategori:Folk frå New York City