MS «With Harvest» er eit lasteskip bygd i 2014 ved Fiskarstrand Verft som byggnummer 77. Skipet vart levert 1. august same år til Egil Ulvan Rederi. Det har ei lengd på 69,9 meter, og ei breidde på 17,2 m. Skipet fraktar fiskefôr og har ein kapasitet på 3000 t. «With Harvest» er utstyrt med seks bulkrom på til saman 5000 kubikkmeter. Skipet er utstyrt med Graintec, lukka lastesystem, som lastar 300 tonn/t. Skipet brukar Graintec lossesystem som har ein kapasitet på 200 tonn/t, med rekkjevidde på 27 meter. Toppfarten på skipet er 14,3 knop, og det har ein «servicefart» på 13 knop.
Motortrøbbel vest for Hidra 1. mai 2020 fekk «With Harvest» motorhavari i Berrefjord, vest for Hidra. Redningsskøyta RS «Kristian Gerhard Jebsen» bistod skipet og hindra det i å gå på grunn. «With Harvest» var i området for å levera fiskefôr til Mowi sitt oppdrettanlegg.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «MS «With Harvest»» frå , den 11. april 2021.
Kategori:Skip bygde i Noreg Kategori:Skip frå 2004 Kategori:Norske lasteskip