Gunnar Fosseng () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Horten.
Fosseng var målvakt. Han spelte på Falk til 1986 og i 1986/87-sesongen for Kolbotn IL. Perioden 1987-99 vakta han Sandefjord TIF-målet med stor suksess, norsk meister 1989, 1990, 1993 og 1997/99. Sommaren 1999 reiste han til spanske Valencia, ein klubb han spelte for i to og ein halv sesong. Etter eit halvår I Sandefjord TIF var 2002/03 aktiv i Fet IL og deretter Haslum IL.
Frå landslagdebuten i desember 1987 fram til juni 2003 deltok Fosseng i 165 landskampar og skåra 3 mål. Han var med i Handball-VM 1993 og 2001.
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Horten