Glenn Peter Strömberg () er ein svensk tidlegare fotballspelar frå Göteborg. Han var midtbanespelar på IFK Göteborg, portugisiske Benfica og til sist italienske Atalanta. Strömberg er busett i Italia.

Klubbspel Strömberg var 1979-83 aktiv på IFK Göteborg sitt suksessrike lag. I mai 1982 overraska laget stort ved å vinne samanlagt 4 – 0 over Hamburger SV i finalen i UEFA-cupen. Same året var han også med om å vinne den svenske seriemeisterskapen og den nasjonale cupfinalen.

I januar 1983 skreiv Stömberg kontrakt med det portugisiske topplaget Benfica. Om våren tok klubben seg til finalen i UEFA-cupen, Strömberg og lagkameratane tapte denne mot belgiske RSC Anderlecht. Med Benfica vart han seriemeister både i 1983 og 1984. Sommaren 1984 vart han overført til Atalanta i Bergamo. Der spelte han dei neste åtte sesongane i vekselvis Serie A og Serie B i italiensk fotball. Atalanta og Strömberg tok seg til finalen i den nasjonale cupen 1987, men tapte 0–3 på bortebane mot SSC Napoli og totalt 0–4.

Landslagsspel Strömberg deltok i 52 av Sveriges landskampar i tida 1982-1990. Under VM i fotball 1990 skåra han eitt av sine 7 landslagsmål, ei turnering der Sverige tapte alle tre gruppespelkampane med 1–2.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Glenn Stömberg» frå , den 3. mai 2021. eu-football

Kategori:Svenske fotballspelarar Kategori:Atalanta-spelarar Kategori:IFK Göteborg-spelarar Kategori:Benfica-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990