mini|Fasaden til Secretaria da Justiça e da Defesa da Cidadania i São Paulo i Brasil. Fasade (frå fransk façade, «andlet utover», framside) har fleire tydingar.Kunnskapsforlagets ordbok: Fransk-norsk. ISBN 82-573-0188-4 Ordet er av same latinske rot som franske og engelske face og blir brukt om «andlet utover», særleg i arkitekturen.
Fasaden er anten den sida av ein bygning som vender mot gata (inne i eit kvartal) eller sida der hovudinngangen er. Det blir nesten alltid lagt mest arbeid i fasadeutforminga som blir laga slik at det er klart både kva som er fasade, og i arkitektonisk formspråk kva bygningen er og kva tyding han har.
Fasadeutforminga har variert etter dei rådande stilartane i kunsthistoria.
I overført tyding bruker ein ofte ordet som spesiell nemning for den mest representative sida.
Biletdøme
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fasade» frå , den 6. mai 2021.
Litteratur
Ahlstrand, Jan Torsten. (1976): Arkitekturtermer. Lund: Studentlitteratur, ISBN 91-44-02852-0
Kategori:Franske ord og uttrykk Kategori:Bygningsdetaljar