Skald forlag ligg i Leikanger i Sogndal kommune, ved Sognefjorden i Vest-Noreg. Forlaget vart etablert i 1991 av Lars Nes og Jon Skjerdal.

Forlaget gjev ut mellom anna foto-, kunst- barne- og oppdragsbøker, ofte i praktbokformat. Skald er hovudsakleg eit nynorsk forlag, men har òg gjeve ut bøker på bokmål, engelsk, tysk, kinesisk, spansk, japansk og russisk. Sidan 2016 har forlaget gjeve ut ein serie med litterære klassikarar i nynorsk omsetjing.

Namnet «Skald» kjem frå skaldane som dikta og fortalde historier i vikingtida.

Nynorske klassikarar Sidan 2016 har forlaget gjeve ut ein serie med litterære klassikarar i nynorsk omsetjing. Det vert gitt ut 3 titlar i året i denne bokserien til dei store lesehøgtidene: påske, sommarferien og jul.

Prisar Fleire av bøkene har vunne prisar i konkurransen «Årets vakreste bøker» som er administrert av Grafill. Nokre av dei prisvinnande publikasjonane er:

Smykkeskrinet av Rune Døli, gull i kategori sakprosa voksen Skalds klassikarar av Øystein Vidnes, Andreas Töpfer og Stefan Ellmer, gull i kateogien bokserie Edda av Rune Døli i Modest og Stefan Ellmer, gull i kategorien skjønnlitteratur voksen MS Liv av Øystein Vidnes, gull i kategorien skjønnlitteratur voksen Kjartan Slettemark - Kunsten å falle av Silje Nes og Silje Blank

Forlagssjefar

Lars Nes, frå 1991-2020 Simone Stibbe, frå 2020

Kontor Forlaget har hovudkontor i Gamlehotellet på Hermansverk i Sogndal kommune. Huset vart bygd i 1887 og det var hotelldrift fram til 1918.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Der ingen austlending skulle tru at nokon kunne drive forlag. Morgenbladet.no, publisert 22.09.2023 (krev abonnement)

Kategori:Norske forlag Kategori:Næringsliv i Sogndal Kategori:Skipingar i 1991 Kategori:Leikanger