mini|Ingrediensar til den senegalesiske retten gnankatang. mini|Ingrediensar til den maltesiske retten kusksu. Ingrediens (av latin ingredi, ‘inngå’) er ein del av ei blanding til å laga noko, og viser særleg til dei ulike fødevarene i matlaging og matoppskrifter. Ingrediensar kan ha ulike funksjonar, som å gjera måltidet meittande, påverka smak, tekstur eller utsjånad. Nokre ingrediensar kan vera vanlege og reknast som basismatvarer, andre kan vera eksklusive delikatesser.

Ein analyse av ingrediensbruk i 56 000 matoppskrifter frå ulike kulturar viste at ein ofte kombinerer ingrediensar som har ulike eigenskapar, til dømes med ulike smaksstoff.

Mat som er til sals skal etter fleire lovverk merkast med kva ingrediensar dei inneheld. Ofte, som i Noreg, skal ein føra dei opp i fallande vektrekkjefølgje, slik at den tyngste står fyrst. Det er også kome til krav om å merka stoff som kan framkalle allergi eller intoleranse spesielt.

Ingrediensar

Frukt Grønsak Krydder Urter Sukker, fruktsukker Vatn Enkle matstellkjemikaliar, som bakepulver o.l.

Feitt er hovudbestanddel i desse fødevarene, i tillegg til ev. vatn: Animalsk feitt; smør, fløyte, spekk Vegetabilsk feitt; solsikkeolje, palmin

Inneheld bl.a. energirike fordøyelege karbohydrat: Kornprodukt og korn; mjøl, gryn, ris, pasta, kveite, havre, bygg, humle, bokkveite Rotfrukter, røter Banan

Inneheld bl.a. protein og supplerer dermed med viktige aminosyrer: Fisk Belgfrukter, mais, quinoa og soya Kjøt Fjørfe, fuglar, fasan, kylling, and Mjølkeprodukt, ost, yoghurt, surmjølk Nøtter Kokosnøtt Egg

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ingrediens (mad)» frå , den 14. mai 2021.

Kategori:Mat Kategori:Latinske ord og uttrykk