Eduard Franciscus de Goeij () er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar, som spelte som keeper hos fleire klubbar, og for det nederlandske landslaget. I sine 21 sesongar var han tilknytt dei to Rotterdam-klubbane Sparta Rotterdam og Feyenoord, i tillegg til Chelsea FC og Stoke City i England.

Landslagsspel De Goeij spelte 31 landskampar for Nederland i åra 1992-1998. Han var med i troppene til VM 1994, EM 1996, VM 1998 og EM 2000, men var aktiv berre i 1994. I dei andre turneringane var han benkeslitar.

Merittar Vinnar av UEFA-cupen: 1998 med Chelsea FC Nederlandsk cupmeister: 1991, 1992, 1994 og 1995 med Feyenoord Nederlandsk seriemeister: 1993 med Feyenoord Engelsk ligacupvinnar: 1998 med Chelsea FC Vinnar av FA-cupen: 2000 med Chelsea FC

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Ed de Goeij» frå den 17. mai 2021.

eu-football

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Feyenoord-spelarar Kategori:Sparta-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Stoke-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000