Øystein Brekke () er ein norsk sjakkspelar, sjakkorganisator, turneringsarrangør og turneringsleiar, sjakkskribent, sjakkbladredaktør, sjakkbokforfattar, sjakkhistorikar, eigar av den største sjakkbutikken i Noreg og av Norsk Sjakkforlag. Han har vore aktiv i eit fleirtal av desse rollene sidan tidleg på 1970-talet. Som følge av innsatsen for norsk sjakk vart han æresmedlem både i Norges Sjakkforbund i 2010 og i Ungdommens Sjakkforbund i 2013.Brekke 2014 s. 284 og 286. Øystein Brekke er frå Gjøvik, men har mesteparten av sitt vaksne liv budd i Modum. Brekke har vore leiar av Sjakkhistorisk forum sidan dette vart skipa 7. juli 2011.https://sjakkhistorie.no/

Sjakkspelaren og sjakkorganisatoren Øystein Brekke var sentral i at Norsk Sjakkblad vart reetablert i 1975, og var også redaktør i 1975-79, seinare også delvis i 1981 og 1986, samt i 2000 til ut i starten av 2001.https://drive.google.com/drive/folders/0B6SyOv8evXnibWplaFBpVExENmc Brekke var generalsekretær i Norges Sjakkforbund og Norges Sjakkforbunds Ungdom (no USF) i perioden 1982–88.Brekke 2014 s. 284 Han er turneringsarrangør og har arrangert eit stort tal norske sjakkturneringer, mellom anna noregsmeisterskapen i sjakk på Lillehammer i 2013.Brekke 2014 s. 305 Øystein Brekke er eigar av Norsk sjakkforlag (skipa 1988) og Sjakkbutikken (skipa 2005). Øystein Brekke er sjølv ein sterk sjakkspelar med solid meisterklasserating.https://ratings.fide.com/profile/1500740

Sjakkbokforfattaren Øystein Brekke har pr. mai 2021 skrive 21 sjakkbøker, deriblant Nordisk sjakk i 100 år (1999), Sjakkmesteren Svein Johannessen (2010), Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014 (2014), Lær sjakk – Fra begynner til turneringsspiller (2018) og The Saga of Fridrik Olafsson (2021).

Bakgrunnsstoff Øystein Brekke sine sjakkparti hos NorBase Øystein Brekke sine sjakkparti hos chessgames.com

Bibliografi

1981 Spill sjakk 1, NKS-Forlaget 1983 Spill Sjakk 2, NKS-Forlaget 1986 VM-sjakk i 100 år – Portretter av 13 verdensmestre 1987 Stormestersjakk i Gausdal 1989 Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989 1997 Sjakkens Holmenkollen, Gausdalsjakk 1970-1996 1999 Nordisk sjakk i 100 år 2005 Sjakkskolen 1 2009 Sjakkmesteren Svein Johannessen 2010 Sjakkskolen 2 2011 Historien om en sjakklubb. Schakklubben av 1911 i 100 år 2012 111 sjakk matt i 1 trekk 2013 Sjakkskolen 3 2014 Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014 2016 111 sjakktrekk som vinner 2018 Lær sjakk – Fra begynner til turneringsspiller 2018 Hønefoss Sjakklubb gjennom 100 år 2019 111 smarte sjakktrekk 2021 The Chess Saga of Fridrik Ólafsson 2022 Gjøvik og Totens sjakkhistorie

Kjelder Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3

Fotnotar

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Sjakkorganisatorar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Gjøvik Kategori:Folk frå Modum Kategori:Sjakkdommarar Kategori:Æresmedlemmar i Norges Sjakkforbund