mini|Baklastar i nedsenka stilling. Baklastar er ein traktormontert løfte- og transportreiskap. Han fyllar på mange måtar same oppgåver som frontlastarar, men er i motsetning til denne montert bak på traktorenE. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974.. Bakmontering har den føremonen at det er bakhjula på traktoren som ber vekta av lasta, noko som aukar framkomlegheita på gjørmete eller glatt underlag. Baklastarar som er monterte i trepunktsopphenger kan òg vera lettare å montera av og på enn mange frontlastarar, men sume frontlastarar har òg snøggkoplingar. At føraren må vri set rundt for å sjå attover under arbeid er derimot ein ulempe med baklastarar. Frontlastarar er mykje meir utbreidde enn baklastarar.
Referansar
Kategori:Jordbruksmaskinar Kategori:Transport innan jordbruk