mini|Traktordriven gjødselpumpe.

Gjødselpumpe er ei jordbruksmaskin som vert nytta for å pumpa gylle, som er ei blanding av møkk og vatn. Slike pumper blir nytta for å fylla tankspreiarer, men òg for å røra rundt i gylla. Den vanlegaste pumpetypen er sentrifugalpumpee, men eksentersnekkepumper og vakumpumper har òg vore nyttaE. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974.. Dei kan vera drivna av ein elektrisk motor, som oftast ein asynkronmotor, eller frå effektuttaket på ein traktor. Sjølve pumpa vert ofte senka ned i gjødsla og driven via ein lang aksling.

Kjelder

Kategori:Jordbruksmaskinar Kategori:Gjødsling og vatning Kategori:Pumper