Krattsongar (Scotocerca inquieta) er liten sporvefugl og einaste arten i slekta Scotocerca i orientsongarfamilien. Han er ein lys, sandfarga liten fugleart som lever i ørkenaktige område med kratt i frå nordlegaste Afrika til sørvestlege Asia.

Slekta Scotocerca med krattsongar har stundom vorte plassert i sin eigen familie Scotocercidae.

Skildring Dette er ein liten «songar», ca. 10 centimeter og 6-10 gram, litt større enn ein fuglekonge. Han har bleik sandfarga fjørdrakt, svart augestripe og mørke striper over krona. Også svakare striper frå strupen ned over brystet samt på nakke-skulder. Halen er tynn, litt flisa, oppreist og kan spreiast i vifteform. Fargetonen i drakta varierer litt over dei åtte underartane i det langstrekte utbreiingsområdet.

Han lever frå Mauritania i sørvest gjennom Vest-Sahara, dei nordlegaste afrikanske landa til Palestina og Den arabiske halvøya. Vidare austover i Asia såvidt inn i Kashmir og i nord aust for Kaspihavet i sørlegaste Kasakhstan. I det nordlegaste området i Sentral-Asia er han ein trekkfugl. I dette utbreiingsområdet finner krattsongaren habitat i opne, tørre område med buskar eller gras, men aldri i landbruksområde. Dei kan hekke så høgt som 2600 moh. i Sinai.

Føda er insekt og anna leddyr som dei i hovudsak plukkar frå bakken. I nokre område kan dei ete frø vinterstid.

Birdlife International har klassifisert arten som livskraftig (LC), storleiken på populasjonen er ikkje estimert.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wüstenprinie» frå , den 27. mai 2021.

Ryan, P. (2020). Scrub Warbler (Scotocerca inquieta), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.stswar1.01 Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:sporvefuglar