«Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini» er ein amerikansk noveltysong skriven av Paul Vance og Lee Pockriss. Songen fortel historia som ei sjenert jente i bikini som held kroppen nedsenka i vatnet for å ikkje bli sett.

Brian Hyland with orchestra, leia av John Dixon, spelte inn songen. «Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini» blei gjeven ut på singelen Leader L-805 i juni 1960 og på Kapp K-342 i juli 1960. Produsentar var Don Kirschner og Al Nevins.norwegiancharts.com – Brian Hyland – Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini B-sida var «Don't Dilly Dally Sally».

Den kvinnelege røysta som seier «One, two, three, four» på innspelinga tilhøyrde Trudy Packer.Whitburn, Joel: The Billboard Book of Top 40 Hits. 8th Edition (Billboard Publishing), s. 297

Songen har også blitt spelt inn på tysk av Club Honolulu (Caterina Valente og broren Silvio Francesco) med tittelen «Itsy Bitsy Teenie Weenie Honolulu Strand Bikini» (tysk tekst av Rudolf-Günter Loose), fransk og italiensk med Dalida og dessutan i mange versjonar på engelsk, mellom dei Lisa del Bo, ein nederlandsk artist.Norwegiancharts.com Bryan Hyland

Svenske versjonar Karl Lennart skreiv ein svensk tekst. Den svenske tittelen er identisk med originaltittelen.

Britt Damberg spelte inn songen og gav han ut på EP-plata BFB BFB 1045 i 1960Popmusicinfo Lill-Babs spelte òg inn songen oggav han ut på singelen Karusell K 327 i 1960. B-sida var «När ska du bestämma dig, Britt-Mari?»Lill Babs – Inspelningar

Norske versjonar Arne Bendiksen, Gunnar Jørstad og Finn Evensen har skrive norske tekstar til «Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini». Bendiksen sin norske versjon heiter «En bitte bitte liten mini-minimal bikini (polkadot bikini)». Jørstad sin versjon heter «Itsy-Bitsy-Tiny-Viny». Evensen sin versjon har tittelen «Vil du ha sjokolade?».

Innspelingar ÅrSongtittelAlbumtittelArtistTekstforfattarPlatetypePlatemerke og katalognummer1960«En bitte bitte liten mini-minimal bikini (polkadot bikini)»Plateboksen - Arne Bendiksen - Diskografi - SinglerÅre Bendiksen med Sigurd Jansens orkesterArne BendiksenSingleTriola TN-2221973«Itsy-Bitsy-Tiny-Viny»Kjell Vidars igjen... Kjell VidarsGunnar JørstadLPNETT 5362005«Vil du ha sjokolade?»Bjelleklang - Sokker i sandalerSokkar i sandalarBjølleklangFinn EvensenTONOCDBig Box Music BBRCD 012 «Vil du ha sjokolade?» kom òg ut på promotion CD-singlen Bjelle Records BJELLEPROMO 0103 i juni 2003.Bjelleklang – Vil du ha sjokolade?

Listeplasseringar ArtistListeHøgaste plasseringVeker på listaDato for listeplasseringBrian Hyland VG-lista# 311 (# 3 i 1 veke)1960Brian Hyland# 8139. juli 1960Brian Hyland Billboard Hot 100-listen# 11960Bombalurina VG-lista# 37 (# 3 i 2 uker)1990 Hyland sin versjon nådde òg Topp 10 i andre land.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Itsy Bitsy Teenie Weenie Yellow Polkadot Bikini» frå , den 29. mai 2021.

Kategori:Songar frå 1960 Kategori:USA-amerikanske songar Kategori:Songar om klede og mote