Jelena Viktorovna Guljajeva, fødd Rodina, ( er ein russisk tidlegare høgdehoppar. Ho vann sølvmedaljen i øvinga ved europameisterskapen 1994.
Aktiv Etter å ha vore utestengt frå friidretten i to år tok Guljajeva femteplassen under VM 1993 i Stuttgart. Året etter sikra ho seg sølvmedaljen då EM 1994 fann stad i Helsinki, slovenske Britta Bilač var suverent best i tevlinga. Guljajeva vart nummer fire i OL-finalen 1996 med sterke 1,99 meter. Den 23. mai 1998 i Kalamáta presterte ho livsbeste gjennom å gå over 2,01 meter. Tre månader seinare hamna ho på sjetteplassen under EM i Budapest.
Doping Under eit stemne i Roma i juli 1991 testa Jelena Rodina positivt i ei dopingprøve. Ho vart dømd for bruk av dopingmidlar og utestengt i to år.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1993 i Stuttgart: Nr 5 – 1,94 m EM 1994 i Helsinki: Sølvmedalje – 1,96 m, bakom Britta Bilač (2,01 m) OL 1996 i Atlanta: Nr 4 – 1,99 m EM 1998 i Budapest: Nr 6 – 1,92 m VM 1999 i Sevilla: Nr 12 – 1,93 m VM 2001 i Edmonton: Nr 10 – 1,90 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jelena Wiktorowna Guljajewa» frå , den 7. juni 2021.
World Athletics
Kategori:Russiske høgdehopparar Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996