Shoshone County er eit fylke nord i den USA-amerikanske delstaten Idaho som i aust delar grense med delstaten Montana. Fylket vart grunnlagt i 1884, og har namn etter innfødde shoshonefolk. Fylkessetet er i Wallace, medan den største busetnaden er Kellogg.

mini|venstre|Kellogg, største landsbyen i Shoshone County

Flatevidda til fylket er på 6 820 km². Kringom 12 800 personar bur i fylket. I fylgje folketeljinga i 2000 var 22,1 % av desse av tysk, 14 % av amerikansk, 11,3 % av engelsk, 9,7 % av irsk og 5,9 % av norsk opphav.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shoshone County, Idaho» frå , den 8. juni 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:County i Idaho Kategori:Skipingar i 1884