mini|portrett|Mann med turban i Madhya Pradesh. mini|Ulike turbantypar skildra i 1888. Turban (frå persisk دولبند, dulband; via mellomfransk turbant) er eit hovudplagg som har utgangspunkt i å vinda eit langt klede rundt hovudet. Det finst mange variantar, og er tradisjonelt hovudplagg i ei rekkje ulike kulturar. Ein finn folkegrupper med framståande turbantradisjonar i Sør-Asia, Søraust-Asia, Den arabiske halvøya, Midtausten, Balkan, Kaukasus, Sentral-Asia, Nord-Afrika, Vest-Afrika, Aust-Afrika og blant ein del tyrkiske folk og askenasiske jødar.
Turbanbruk er utbreidd blant sikhar, både menn og kvinner. Hovudplagget har også religiøs tyding blant sjiamuslimar, som kan sjå på bruken av turban som ein sunnah fucadahass (stadfesta tradisjon). Turban er også tradisjonelt hovudplagg for lærde sufiar.
Plagget er også blitt brukt av adelege frå ulike bakgrunnar. Vidare har turban vore brukt som klesplagg av kvinner i vesten, dels som del av folkedrakt, dels som moteplagg og dels i samband med behandlingar og hårtap.
Historie Opphavet til turbanen er uklart. Det finst bevis på at dei blei brukte i fleire eldgamle kulturar, som det gamle India, Mesopotamia, Sumer og Babylonia.Ethnic Dress in the United States: A Cultural Encyclopedia, page 293, Annette Lynch, Mitchell D. Strauss, Rowman & LittlefieldIndia: The Ancient Past: A History of the Indian Subcontinent from C. 7000 BCE to CE 1200, page 58, Burjor Avari, Routledge Soldatar i den bysantinske hæren fortsette å bruka ein turban kjend som phakeolis i tida 400–600. Bysantinske sivile er avbilda med plagget i greske fresker frå 900-talet i provinsen Kappadokia i dagens Tyrkia, og det blei framleis brukt av dei gresktalande etterkomarane deira tidleg på 1900-talet.
I muslimsk tradisjon skal profeten Muhammad ha brukt ein turban som anten var svart eller kvit. Turbantradisjonen etter han er ein kalott med eit klede knytt rundt; dette hovudplagget blei utbreidd i den muslimske verda og blei særleg brukt av fleire muslimske herskarar og lærde. Ein kunne bruka musselin, silke eller anna fint tøy til å vikla turbanen.
Innan sikhismen som voks fram på 1500-talet er bruk av turban viktig. Sikhar brukte turban til dagleg og i krig. Dei heldt fram med å bruka turban når dei tenestegjorde i militæret i Britisk India, og andre delar av Det britiske imperiet. Denne bruken har tidvis kome i konflikt med lokale lovar og reglar, men sikhar har i fleire høve vunne løyve til å bruka turban med uniform og liknande. Turbanbrukande sikhar har likevel ofte blitt utsett for diskriminering på grunn av hovudplagget. For å spreia informasjon og velvilje til turbanen er det blitt halde turbandagar over heile verda, som den norske turbandagen.
Regionale stilar mini|portrett|Kenyansk modell med turban i 2015. I dag finst det turbanar i mange former, storleikar og fargar. Turbanbrukarar i Nord-Afrika, Afrikas horn, Midtausten, Sentral-Asia, Sør-Asia og dei filippinske Sulu-øyane brukar vanlegvis lange klesstykke som dei viklar om hovudet kvar gong dei tek han på. Klesstykka er vanlegvis under fem meter lange. Nokre forseggjorte sørasiatiske turbanar kan også ha permanent form og vera sydd til eit underlag. Turbanar kan vera svært store eller ganske nøysame i storleik, ut frå region, kultur, religion og høve.
Turban har også vore namnet på ein type hovudplagg brukt av kvinner i vestlege land. Denne typen turban var vanlegast på 1900-talet. Dei er vanlegvis sydde til eit underlag, slik at ein lett kan ta dei på og av.
Nord- og Vest-Afrika
Tuaregar og nokre nordlege berbarar, saharawiar, songhaiar, wodaabefolk, fulaniar og hausaer frå Nord- og Vest-Afrika bruker ulike turbantypar. Tuaregar dekkjer ofte fjeset for å halda støv unna. Den tuaregiske turbanen som gjer dette mogleg er kjend som tagelmust, og er ofte blå. Beduinarstammar i Nord-Afrika bruker tidvis brun-beige, kvite eller oransje turbanar.
Aust-Afrika mini|Geistleg i den etiopiske ortodokse kyrkja med turban.
I Aust-Afrika blir turbanar ofte brukte av muslimske geistlege og av prestar i den etiopiske ortodokse kyrkja. Hovudplagget har ei lang historie i regionen, og blei ofte brukt av sultanar, vesirar og andre aristokratar og hoffolk. Nokre av desse adelsfolka var dei somaliske sultanane Mohamoud Ali Shire av Warsangali-sultanatet, Osman Mahamuud av Majeerteen-sultanatet og Yusuf Ali Kenadid og Ali Yusuf Kenadid av Hobyo-sultanatet. Viktige historiske muslimske leiarar som sheik Abadir Umar Ar-Rida har også brukt turban. Hovudplagget blir typisk brukt saman med maccawiis (sarong) eller jellabiya.
Ved Swahilikysten blei turban mykje brukt av dei omanske sultanane av Zanzibar og følgjet deira.
Den arabiske halvøya mini|Menn med turban ved ei utstilling i Oman i 2016. I dei fleste landa på den arabiske halvøya er det vanleg å nytta eit einsfarga eller rutete skjerf (kalla keffiyeh, ghutrah, shumagh eller chefiyah) på hovudet som vanlegvis ikkje blir rekna som ein turban. Den arabiske emamah-tradisjonen er likevel sterk i Oman, Sudan og nokre delar av den arabiske halvøya. Den farga turbanen ghabanah er ein vanleg tradisjonell turban i Hijaz, og er framleis del av drakta til innbyggjarar i byar som Mekka, Medina og Jidda. Ghabanah blir tradisjonelt brukt av handelsmenn og elles blant middelklassen, med unntak av religiøse lærde som har hatt særskilde turbantypar, vanlegvis kvitfarga. Hijazi-turbanar i ulike fasongar blir rekna som arv etter profeten Muhammed, som budde i Mekka og Medina. Det finst fleire typar ghabanah, der den kanskje mest kjende er den gulfarga (halabi) som er laga i Aleppo og kjenneteikna av ulike innskrifter, og vikla over ein kuppelforma hol taqiyah, tyrkisk fess eller kalpak. Fargerike turbanar kalla masar er del av nasjonaldrakta i Oman, og er også vanlege i nokre delar av Sør-Jemen og Hadhramaut. Ein kvit ghutrah eller shumagh er vanleg å vikla i hamdaniyah-stil, noko som også er turbanforma i Dei sameinte arabiske emirata.
Afghanistan mini|Afghansk lungee-tildeling Turban eller lungee er del av nasjonaldrakter i Afghanistan. Plagget er vanlegare enn mange andre stader i den muslimske verda, og finst i mange ulike stilar og fargar. Søraust i landet har ein laust vikla, store turbanar, medan i Kabul er plagget vanlegvis mindre og stramare. I tradisjonell afghansk kultur kan ein også ha eit ekstra tøystykke, ein patu, som kan ha praktiske føremål som å ha rundt kroppen mot kulde, sitja på, binda fast eit dyr eller til å bera vatn med seg i. Ulike folkegrupper i Afghanistan bruker ulike typar stoff med ulike mønster, fargar og lengder til turban. Menn frå alle grupper unngår som regel fargesterke turbanar som kan vekka oppsikt, og bruker i staden enkler fargar som kvitt, off white, grått, mørkeblått og svart.
Marineblått er ein farge som særleg er knytt til nihangar blant sikhar og symboliserer krig og teneste, medan svart er knytt til motstand, oransje til offer og martyrdom og kvitt med visdom, alder, død eller fred. I fredstid eller samlingar for fred nyttar ein ofte krigsfargen, blått.
Sør-Asia I Bangladesh er turban kjend som pagri, eller fagri i Chittagong- og Sylhet-distrikta. Pagri blir brukt av religiøse leiarar og predikantar for islam. Den vanlegaste fargen er kvit, medan sufiar gjerne bruker grøne turbanar. Hovudplagget blir også brukt av eldre på landsbygda, og er eit symbol på æra og respekten som tilkjem dei.
India mini|Indisk mann med ein turban i paggar-stilen frå Rajasthan. I India blir turban gjerne kalla pagri, og er eit hovudplagg brukt av menn som blir vikla for hand. Det finst fleire stilar knytte til region og religion, og dei varierer i form, farge og storleik. Nokre døme er Mysore-peta, Marathi-pheta og puneri pagadi. Pagri er eit symbol på ære og respekt overalt der han er i bruk. Det er vanleg å æra viktige gjestar ved å gje dei ein turban.
Fargar blir ofte valde for å passa til høvet kring bruken. Safran kan til dømes knyttast til mot eller offer (martyrdom), og kan brukast under folkemøte; kvitt kan knyttast til fred, og er ofte brukt av eldre; og rosa, som er knytt til våren, blir ofte brukt på denne årstida eller i samband med bryllaup.
Nepal Turban blir vanlegvis brukt av menn i landlege område i Nepal, og er vanleg blant bønder. Landsbygd-turbanen er kjend som anten pagdi eller pheta. Alle typar farga klede kan brukast til turban. Historisk pleidde gorkhali-adelsfolk å bruka ein kvit turban kalla shirpau tildelt av kongen av Nepal. Til dømes blei sardar Ram Krishna Kunwar gjeven 22 slike hovudplagg av gorkhali-monarken maharajadhiraj Prithvi Narayan Shah.
Pakistan I Pakistan er turbanen utbreidd i bruk, særleg på landsbygda. Han finst i ulike stilar og fargar gjennom heile landet og kan variera etter region, slik at ein til dømes føretrekk svarte og kvite turbanar nord i landet. Den vanlegaste turbanen i Pakistan er kvit og utan merke. Han blir særleg brukt i pashtun-beltet og av eldre og føydalherrar i landlege Punjab og Sindh. Turbanar blir kalla pagri eller pag av punjabiarar, medan pashtunar kallar dei patkay.
Balutsjar er kjende for sine store turbanar som har begge endane hengange ned frå sidene eller laust over brystet. Desse turbanane blir laga av fleire fot lange klede som blir vikla rundt ei hue, og er vanlegvis laga av kvitt klede.
Søraust-Asia mini|portrett|Mien-kvinner i i Laos med turban. I Malaysia er plagget kjent som serban, og blir brukt både av sikhar og visse muslimske leiarar.
I Myanmar er turban kjend som gaung baung, og finst i fleire regionale stilar. venstre|mini|Toangoar frå Nord-Sumatra. Illustrasjon frå 1896.
Indonesia På Java blir hovudplagg av turban-typen for menn tradisjonelt kalla iket. Dette tyder bokstaveleg talt å knyta, som er den viktigaste måten å festa kledet til hovudet på. Iketen blir laga med eit kvadratiske eller rektangulært batikklede som er bretta ein gong til ein trekant. Det finst mange ulike måtar å knyta plagget og dermed forma iketen på, og desse kan ofte seia noko om kva sosial stilling brukaren har og kvar han kjem frå. Opphavet til plagget er ukjent, men fleire kjelder peiker på turbanbrukande handelsfolk frå Gujarat som kom til Indonesia for over 500 år sidan som eit opphav.
På Aust-Java lagar ein gjerne hovudplagget på den tradisjonelle måten og kallar han udeng. På andre delar av Java har iket utvikla seg til eit fastsydd plagg som blir kalla blangkon på Sentral-Java og bendo på Vest-Java. Batikkledet plagget blir laga av blir gjort stivt gjennom ein prosess av forming, festing til stivt papir og saum. Som iket finst blangkon og bendo i fleire ulike former knytte til opphavsstaden og rangen til brukaren.
Filippinane På Filippinane har turban ei lang historie knytt til innfødde austronesiske (malayo-polynesiske) kulturar, og forsterka med kulturell påverknad frå resten av maritime Søraust-Asia (særleg Java, Borneo og Sumatra), India, Arabia, Kina og Persia gjennom ulike delar av filippinsk historie.
Den vanlegaste turbanen brukt av muslimske filippinske kvinner blir kalla kombong, og er del av den tradisjonelle hijaben til muslimske kvinner i Davao-området på Mindanao (knytt til maranao, maguindanao og iranunfolk). Kombong blir vikla om hovudet og brukt saman med tudong, eit plagg ein vanlegvis har over brystet eller skulder, men tek over kombongen i samband med bøn, eller når ein vil ha ekstra tilsløring. Ein kvit kombong symboliserer at beraren er ein hadsja som har utført valfart til Mekka.